LUKK
Heim / Opplevingar / Ikkje berre linjefag


Ikkje berre linjefag

Dei fleste elevane som kjem til Nordfjord folkehøgskule er naturlegvis mest opptatt av korleis linja og linjefaga vert. Men i tillegg til alt som skjer der har vi ei rekkje med spennande og artige valfag gjennom heile året.




Det er slik at det er tre modular med ulike valfag gjennom året og det er sanneleg ikkje lett å velge mellom alt som vert tilbydd!  Det er ofte ein god miks mellom praktiske fag, noko teori eller fysisk aktivitet. 

For tida er det måndag etter lunsj og heile tysdag som er valfagsperiode. Då miksar ein folk på tvers av linjer og det er ei god anledning til å bli betre kjent med folk utanfor si eiga linje. Ein skikkeleg vinnar er Mat i det fri, der lærar Lisbet lærer vekk ulike teknikkar for å lage deilig mat ute. Her er det ikkje rått pinnebrød og svidde pølser, nei!  

 

Dagens lunsj: ørret steikt i deig👌#matidetfri #nordfjordfhs #utno

A post shared by Lisbeth (@lisbethmomrak) on

På sløyden og i smia går det unna, med produksjon av longboard og knivlaging. Vi er litt ekstra stolte av at vi kan tiby smiing med ei ekte gamaldags esse, som har stått på skulen sidan 1938! 

(foto: Edvin Lavoll og Margrethe Fjelldal)

Lærar Eivind dreg stadig vekk med seg folk ut på segling, uavhengig av om det er vind eller ikkje. Til og med på Vestlandet skjer det innimellom at sjøen er paddeflat og stille, men valfag blir det uansett! 

 

<33 valgfagtirsdag <33 #nordfjordfhs #fhsliv #liveterbestute

A post shared by Elin Boine (@elinboine) on

Alle som ikkje fryktar blodsmak og melkesyre storkosar seg med å vere med på Ekspedisjonstrening, der dekktrekking er ein vesentleg del av moroa.  

 

Forsidebiletet denne veka er imidlertid ikkje henta frå valfag i det heile tatt, men er eit blinkskot frå denne helga, som er frihelg for elevane. Og då gjer dei som dei gjer resten av året: stikk på tur, fyrer bål og nyt livet. (Foto: Casper Kragholm)

RELATERT INNHALD