LUKK
Heim / Opplevingar / Host og hark og høg toppturstemning


Host og hark og høg toppturstemning

Influensaen er over oss, men vi lar oss ikkje stoppe! Sjå alle dei fine turene det blei denne januarveka!




Då Grethe internatleiar talde over sjukelista og fann 37 (!) stk som var heime på internatet midt i ei turveke er det berre å leite fram Kleenex og honning/te/ingefær og håpe det snart går over! Om ikkje anna vert det jo litt sosialt å hoste litt ilag med andre.  God bedring til alle som treng det! 

Ski og surf har lagt ut på ei to vekers pudderjakt i Noreg, eit nytt opplegg dette året. Og det er ingenting som tyder på at dei angrar! Det har vore toppstemning og topptur kvar dag. 

To dagar på fjella rett bak skulen gav nokre veldig fine opplevingar for aktivitetsklassen. Sjå berre her på det Edvin seier:  

 

Glitteregga framstod verkeleg som eit glitrande fint turmål. Her fekk Vind og vatn testa syra både opp og ned, og leika seg litt i tillegg. 

 

Vi trudde lenge at det var mogleg å legge ut ei sak utan eit hoppebilete med KRIK. Det viste seg visst å vere uråd. Så her, folkens, kjem vekas hopp frå KRIK: 

(foto: Margrethe Fjelldal) 

Forsidefoto: Sunniva Wergeland

RELATERT INNHALD