LUKK
Heim / Opplevingar / Høgt heng dei


Høgt heng dei

Nordfjord-området har nokre heilt spesielle perler innan rekkevidde. Via Ferrata i Loen er ei av desse.




De har kanskje lagt merke til at det innimellom er bilete på Instagarm av blide menneske som heng i ein sele langt over Nordfjorden.

Denne veka dedikerer vi loggboka til den ganske luftige og fine løypa i fjellsida. Via Ferrata er italiensk og betyr jernsti, og rundt i verda fins det mange slike stiar. I Noreg kjem det stadig fleire, og ei av dei finast (syns vi her med oss) ligg i nabokommuna vår, Stryn. Sjå berre på utsikta ein får når ein kjem til toppen: 

 Høgdekrekken får seg ei real utfordring på turen oppover. Her er Nathalie Gunnarshaug på veg over wiren ved Gjølmunnebrua med fleire hundre meter luft under seg

 

🎢 litt action å gå på fhs #fhsliv #nordfjordfhs #utno #viaferrata #aktivitet1718

A post shared by Nathalie (@nathaliee_g) on

Det siste året har ein også jobba med å sette opp ei veldig spektakulær gondalbane, Loen Skylift, som tar med folk til toppen heilt utan å løyse svetten. Medan dei fleste av elevane har trakka seg oppover, tok Bu-og fritid bana opp og fekk skikkeleg kiling i magen på den måten. 

(forsidefoto: Lillian Aunevik) 

RELATERT INNHALD