LUKK
Heim / Opplevingar / Heimkome og storm i kasta


Heimkome og storm i kasta

Vi ønskjer velkomen heim att til dei som har vore på langtur! Her heime har stormen gitt god luft i lukene no fram mot påske, men så skin det opp med vårsol og påskeliljer også.




 Dei som verkeleg har fått oppleve vinteren denne veka er Bu-og fritid som har vore på Bjorli på spenningskurs. Der var det snø og ski og jenka all night long, og du kan lese meir om denne turen her: spenningskurs

Å kome att frå Svalbard til fastlandet var ei oppleving av å auke temperaturen med ca. 30 grader, eller litt meir. Det blei ein kald tur i polare strøk, men ut frå rapportane forstår vi at det har vore ein stor tur på alle vis. Vi lo litt då vi fekk spørsmål frå dei om det var sommar-eller vintertid,- slik kan det gå når ein lever utan klokke og med naturen som den som bestemmer døgnrytmen. Det kjem eigen bildeserie frå turen, men her er eit par glimt: 

(foto: Sigurd Gautun)

Surfing på Stadtlandet er ein hit, og no denne veka vart det både vind nok og tidvis glimt av sol! Våre samarbeidspartnarar på Lapoint i Hoddevikja har tatt dette kjekke bildet av dei kule damene på Norske eventyr: 

 

Artig førr ungan! 💦 #nordfjordfhs #nokresporvarerevig #fhsliv

A post shared by Ragnhild Hjelle (@ragnhildbhjelle) on

Stadtlandet i god vind er ei stor oppleving om ein ser det frå toppen av også. Her har Pernille Wærstad knipsa eit flott øyeblikk lengst vest i Noreg: 

Det har kome heim ein gjeng med lettare solbrune og døgnville folk frå Bali desse dagane. Fine historier om regn i tusenlitersklassa, apekattar, nydeleg surf, godt felleskap og massasje av ulik kvalitet får oss andre til å forstå at det vart ein fin-fin tur! Sjå for ein flott gjeng!

(foto: Stian Gustafson)

Vi avslutta veka med påskevandring i nabolaget kring skulen. Tekstlesing, sang og nattverd var nokre av elementa som er naturlege når vi går inn i den største kristne høgtida. Vi ønskje alle ei riktig god påske,- god tur til fjells, god tur heim, god krim og god oppstandelsesfest!

(forsidebilde: Nora Mellum) 

RELATERT INNHALD