LUKK
Heim / Opplevingar / God jul!


God jul!

Med nokre høgdepunkt frå julefesten vi hadde denne veka, vil vi ønskje alle lesarar ei velsigna jul og eit godt nytt år!




Julegudstenesta i Vereide kyrkje hadde mange flotte musikkinnslag frå elevane. Her tek vi med eit lite klipp frå mannskoret sin opptreden.

Desse standhaftige sjelene har vunne sove-ute-konkurransen, og har altså hatt 60 netter ute denne hausten.  Dei vart premierte og hylla på julefesten. Vi bøyer oss i hatten og lurer på om dei kjem til å sove ute eller inne natt til julafta. 

Etter ein klassisk vestnorsk julemiddag med saueribbe, dampepølse og kålrabistapp var det programkveld og deretter juletregong som vart avslutta med swingdans til midnatt. For ein julefest! 

RELATERT INNHALD