LUKK
Heim / Opplevingar / Gje meg solkremen!


Gje meg solkremen!

Det har tidvis gått mykje faktor denne veka.




Mars er ei lunefull tid, og det kjennes omlag som dette innimellom:

 

Så no på slutten av månaden har vi hatt både regn, snø og stråååålande sol. Ikkje minst på soldagen onsdag var det fleire av klassene som nytta høvet og kom seg avgarde på topptur. 

Kolåstinden på Sunnmøre vert av mange kalla kongen av Sunnmørsalpane, og Ski og surf-klassen kom seg til topps med stil. Litt klyving på slutten og bølge-skare gjorde det til ein hard tur både opp og ned, men opplevinga var verdt slitet.

 

(foto: Tiril Ruud Bråten)

Aktivtitet har jakta på vinden for å kite, med litt vekslande hell. Dei gjennomførte ein spennande "rigge kite"-konkurranse, der gutta måtte sjå seg slått langt ned i støvlane av dei habile jentene! Solsteik og leirliv har vore fint, og med ein herleg solnedgong kan ein tåle nokre timar utan vind også. 

(foto: Heidi Oskam)

Fjellsport la turen opp den lange motbakken til Snønipa, det høgste fjellet i Gloppen. Sveitten rann, og skareføret vart hard her også. Og så var det så ubegripeleg triveleg på toppen.  Fotocreds til lærar Erlend som fekk med veldig mykje himmel på bildet! 

Jakt og fiske har vore på kystopplegg i Ålfoten og Rugsund. Der har dei halt i land feite fiskar med både stang og harper, og når sant skal seiast har dei ete opp alt i hop. Men 5 kg torsk på stang fører nok til at det vert meir fisking om ikkje så lenge, om vi kjenner denne gjengen rett. 

Norske eventyr sleng rundt i fjellheimen kring skulen, og har det slett ikkje verst, dei heller. Vi trur nok det kjem til å bli ein del som får kraftige tur-abstinensar etter at dette året er slutt.....

Dei som er på Bali og på Svalbard har vi også høyrt nytt frå. Det kan du lese meir om her: Bali og Svalbard

Forsidefoto: Malin Thorberg

RELATERT INNHALD