LOGGBOKA 25.08.2018

Første skuleveke

Opningsfesten var ein flott start, og no er også første skuleveka over. Vi har fått ein herleg gjeng som elevar!

Det er alltid like spennande å sjå når nye folk kjem inn på plassen på skulen! Opningsdagen var det dessverre litt regntungt på Vereide, og vi syns jo bestandig det er litt forsmedeleg om vi ikkje får vist fram kor ubegripeleg flott vi har det rundt oss. Men det strøymde på med folk, spente elevar og foreldre. Nøklar blei delte ut. Romma viste fram. Første møte med roomien var eit faktum. Vi var i gong!

Søndagen var det tid for årets første tur, med lang rekke på veg opp mot Åsebø. God stemning og sterk innsats på dei ulike aktivitetane i skogen!

Etter store mengder informasjon på starten av veka var alle meget klare for å kome seg avgårde på første ordentlege linjeopplegg. Nesholmen leirstad i Hyen var målet, ei perle av ei beliggenhet ved eit stort vatn. Her vart det øving på båltenning, rigging av telt, kameratredning og eigenredning i kajakk, og grillings av deilig middag. Det vart rett og slett nokre knakande gode dagar ilag.

Laurdag er det sjølvsagt undervisning på folkehøgskule, og vi har hatt seminar om bistandsprosjektet vårt på sjukehuset i Okhaldunga i Nepal. Våre gjestar var Kristin og Erik Bøhler som har jobba på sjukehuset i mange år. Det skulle også velgast bistandstyre som skal koordinere arbeidet med prosjektet dette året på skulen. Det var så mange som ville vere med i styret at vi måtte ha skriftleg val! Her er bilete av det nyvalde styret saman med Kristin og Erik.