LUKK
Heim / Opplevingar / For ein september!


For ein september!

Vi kan ikkje anna enn å vere knallfornøgde med første haustmånaden. Denne veka har nesten vore heilt uverkeleg fin.




Både Ekspedisjonslinja og Norske eventyr har kome att frå sine 10 dagarsturar. Og dei er jo så himla fornøgde at det har vore litt vanskeleg å få noko særleg fornuftig ut av dei, bortsett frå ord av typen: "fantastisk, magisk, vanvittig, nordlys, sol, bading". Eit par Insta-bevis på dette får du her: 

 

 

Fantastiske lofoten⛰ #nordfjordfhs #fhsliv #nokresporvarerevig

A post shared by Andrea (@andreaskagen) on

 

Vind og vatn har hatt elvepadling på Voss heile veka, og det har bydd på mykje vatn og mange fine mestringsopplevingar. Turrapport kjem nok etterkvart! Ein middag på Vossadventureslodge vart det også.

 

Eit uvanleg varmt og fint septembervær gjorde topptur til Gjegnen til ein stor opplevelse for KRIK-klassa. Lærar Steinar dokumenterer det slik (og den der oppdalske hashtagen på slutten der var det visst ingen som forstod): 

Dokumentarfoto frå Fjellsport si vandring via Haugabreen til Snønipa syner at ein av og til må vere kreativ for å kome seg til toppen!  

(foto: Frode Bukholm)  

Aktivitetsklassa har tråkka rundt i dei lokale fjella og fått seg ein del blåveisar, men også herlege nedkøyringar. Det vart også kombinert med å innta nytt land med det norske flagget. Passeleg nasjonalromatikk.

 

Utan å drive noko særleg produktplassering, vil vi likevel ta med dette sneisne biletet frå rypejakta i Jølster som jakt-og fiskelinja har vore på. Vi syns jo det er flott med klaff. Både sånn og slik. 

 

Etter å ha fått litt tips og twix, fant e rypa 🐓 #rypejakt #nordfjordfhs

A post shared by Per Olav Olimstad (@olimstad) on

 

Og så toppa vi heile greia med eit flott seminar med besøk heilt frå Grenada islands på laurdagsseminar. Her er ein link der du kan lese meir om akkurat det! 

Takk september 2017,- du har vore ein veldig fin opplevelse! 

(forsidefoto: Astrid Heimsjø)

RELATERT INNHALD