LUKK
Heim / Opplevingar / Vi fulgte Shetlandstoktet


Vi fulgte Shetlandstoktet

I veke 38/2015 var heile skulen på tokt med seglskipet Statsraad Lehmkuhl. Du kunne følgje oss på denne loggen.




Vi var på skuletur med seglskipet Statsraad Lehhmkuhl frå 14. til 18. september. Loggen frå toktet kan du lese nedanfor.

Måndag 14. september

Skipet seglar innover Nordfjorden  måndag føremiddag og ankrar opp i Gloppefjorden mellom kl. 12 og 13. Der stig vi ombord vha. MOB-båtar frå Sandane. Frå dekk skal vi nyte synet av grendene rundt Gloppefjorden. Mens vi seglar ut Nordfjorden på ettermiddagen skal vi gå gjennom rutinane om bord.

På flytebrygga på Sandane, vart nokre av elevane intervjua av lokalavisa.

Tore

 

Statsraad Lehmkul seglar ut frå Gloppefjorden og vidare ut Nordfjorden (foto: Matias Myklebust)

  • Sjå film frå ombordstigninga og turen ut Gloppefjorden her

Mens vi segla ut Nordfjorden gjekk vi gjennom rutinane ombord mens vi nøyt synet av Gjegnen og Hornelen. Utanfor Måløy var vi gang med å klatre i riggen og sette segl. Sjøen var roleg og folk var stort sett friske. Når mørket seig på skrudde vi av motoren og gjekk kun på den krafta vinden ga oss.   

Tysdag 15. september

Etter litt regn i natt, har sola no kikka fram. Vi har god utsikt mot horisonten og ein og annan oljeplattform. Vi har 14 segl oppe, og med roleg og slør vind frå søraust, gjer vi no 6 knop. Vi nærmar oss sakte men sikkert den britiske grensa. Sjøen er framleis roleg, og humøret er på topp. Vi kan elles nemne at vi har fått med oss ein blindpassasjer: ein liten falkunge som har slått seg til på råa til storselget.   

Utover dagen mista vi mykje av vinden, og vi hadde lenge berre 2,5 knop søraustleg vind. Farta på skuta var dermed berre rundt 1 knop trass i stor seglføring. Sjølv om vi kunne nyte vêr og roleg sjø, var farta for lita til at vi ville rekke fram til Lerwick i tide. Tysdag kveld vart segla beslått, og natt til onsdag gjekk vi på motorkraft inn til austkysten av Shetland.  

Tore 

 

Onsdag 16. september

No på morgonen kan vi sjå land,og kl 10 norsk tid legg vi til kai på Victoria Pier i Lerwick. Før første gong på turen høljar regnet ned. Vi håpar på betring når vi kjem i land, men vi gler oss uansett til nokre timar med omvisning, museumsbesøk, shopping, fish and chips.  

Tore

 

A photo posted by Ole Fredrik Arneberg (@olef1207) on

 

Torsdag 17. september

Vi gjekk ut frå Lerwick til lyden av velklingande sjantisang onsdag kl. 18. Med nokre få stagsegl oppe, gjekk vi mot nordaust for å posisjonere oss til torsdagens nordavind. Torsdagen har vore ein nydeleg dag med sol god vind frå nord. Fjorten segl har vore oppe, og heile besetninga var med på dekk då vi gjennomførte to vellukka stagvendingar utpå ettermiddagen. No ved solnedgang har vi redusert seglføringa noko og sett kursen mot Marstein på Hordalandskysten. Solnedgangen var forresten vedlig fin i kveld.

 
 

A video posted by Håkon Bilstad (@hokon96) on

 
 
 

A photo posted by Imbert Kleiven (@imbertkleiven) on

 

Fredag 18. september

 
Vi gjekk på innsida av Sotra/Bjorøy. Ombord hadde vi utdeling av diplom og pins som bevis på vel gjennomført tokt over 640 nautiske mil. Mannskapet ville at Nordfjord folkehøgskule skulle sette standarden for orden ombord før det påfølgjande hausttoktet til Sjøkrigsskolen, så elevane la ekstra sjel i å skvære opp taua før vi la til kai. Vi gjekk i land i Bergen kl 11 fredag.  
 
Takk for turen og takk for følgjet! 
 
Tore
 

Kartutsnitt

Sporloggen frå 2015-toktet til Nordfjord folkehøgsule (oversikt)

Sporloggen frå 2015-toktet til Nordfjord folkehøgsule (ut Nordfjorden)

Sporloggen frå 2015-toktet til Nordfjord folkehøgsule (langs kysten av Mainland, Shetland)

Sporloggen frå 2015-toktet til Nordfjord folkehøgsule (stagvendingar og innsegling til Bergen)

 

Følg skipet!

Her er posisjon til skipet: 

 

Sjekk gjerne skipet si facebook-side.

Laurdag 19.9:

Tilbake på skulen etter endt tokt kan vi glede oss til seminaret Mat i det fri med Lisbeth og Per Momrak og elevkveld med stipendiatane.

 

RELATERT INNHALD