LOGGBOKA 18.05.2018

#fhssavn

Året på Nordfjord er over og folk saknar kvarandre!

Vi hadde ein nydeleg avslutningsfest med mykje hopping i bunad:

Og så hadde vi nokre herlege dagar med rydd og vask (det meiner i alle fall internatleiar og andre i staben). Og så vart det nokre runder med grining på plassen, før alle reiste kvar til sitt. No er det berre Skrubben (sommarvaskehjelpene) som er igjen.

Rundt omkring i Noreg sit det no folk og saknar kvarandre. Sånn skikkeleg. Og dei legg ut bilete med emneknaggen #fhssavn. Om du vil kikke innom der, og i tillegg brukar #nordfjordfhs så ser du litt om korleis det er å slutte på Nordfjord. Sjølv om det er trist å flytte frå kvarandre, så er det jo også utruleg fint å tenke på at folk har hatt det så vanvittig bra her!

Forsidefoto: Trine Lia