LUKK
Heim / Opplevingar / Felles skiveke i Hemsedal


Felles skiveke i Hemsedal

Eit av årets store fellesprosjekt er skiveka i Hemsedal. Då tømmes skulen og tunet for folk, og alle pakkar med ski og godt humør for ei veke med både mykje instruksjon og frikøyring




Vi jobbar heile tida med at elevane skal få utvikle seg på ulike felt, og på skiveka er dette organisert slik at ein er med i små nivådelte grupper med eigen instruktør på dagen, og så er resten av ettermiddagen og kvelden fri til å jobbe med det ein har lært og i tillegg god tid til å leike. 

 

Musikken gjør det dobbelt så fett 🤘#nordfjordfhs #fhsliv #hemsedal #telemark

A video posted by Øyvind K Kvidbergskår (@kvidberg) on

Når alle er på tur slik på tvers av linjene får ein ekstra mange å henge med, og kanskje også mulighet til å bli kjende med folk ein elles ikkje er så mykje ilag med. Det gir alltid noko ekstra når skulen er samla på tur, og dette er eitt av Nordfjord sine varemerker!

(foto: Maria Døsrønningnen)

Bu-og fritid vart også kjempeflinke på ski, og hadde det skikkeleg gøy på tur! Vi tar med eit herleg stillongsbilde frå gjengen.

(foto: Odd Harald Halse)

Det varierte mellom nokre få minusgrader og opp til 7 (!) plussgrader denne veka. Vekslande forhold viste seg for å ikkje vere noko problem (men ei og anna blå rompe er det vel mogleg at nokon har fått...) Eit spesielt shout-out til gjengen på fjellski som verkeleg imponerte med pågongsmot og godt humør.

Forøvrig minner vi om at det er start på opptak for skuleplass for oss 1. februar. Vi har allereie masse søkarar, og  gleder oss til det skikkelege rushet av søknader dett inn i løpet dei neste par dagane. Hugs å minne dei du kjenner om at det er lurt å vere tidleg ute! Du kan søke her: https://www.folkehogskole.no/index.php?page_id=80&skole_id=38

 

(forsidefoto: Åshild Lundh)

RELATERT INNHALD