LUKK
Heim / Opplevingar / Etter haustferien


Etter haustferien

Forrige veke var folk heime og ladda opp til nye påfunn på skulen. Friske og fine var alle tilbake på måndag! I mellomtida hadde regjeringa lagt fram forslag om kutt til folkehøgskulane. Vi ristar på hovudet.




 

Det er ikkje lett å forstå kvifor regjeringa år etter år legg fram kuttforslag i overføringane til folkehøgskulane. Men dei driv på. Og då skjer jo det samme som sist: det blir skikkeleg rabalder framfor Stortinget. Som tidlegare håpar vi at det heile vert snudd! Her kan du sjå nokre bilete frå demonstrasjonen på tysdag, presentert av ein tidlegare Bjerkely-elev: 

 Hjortejakta lar seg ikkje stogge av slike ting som skjer i hovudstaden, uansett. Denne veka har jakt-og fiske vore i Hyen, og kom heim att med tre dyr. Både adrenalin og sveitte vart løyst undervegs! Her er bilete av Joar som har felt eit fint dyr.

Arbeidet er imidlertid ikkje avslutta før kjøtet er gjort opp, og har enda i frysen. Med gode knivar og godt humør ser det ut til å gå veldig fint!

 

Onsdag hadde vi den tradisjonelle haustdugnaden på skulen. Då vert det gjort mykje rart og forskjelleg som gleder og nyttar!  For eksempel bone våre høgt elska minibussar, vaske klatretak, plukke epler og vaske turkjøken. Det er ubegripeleg kjekt å sjå alt som vert gjort, og ikkje minst kor god stemning og trøkk det er undervegs. Tusen, tusen takk til alle positive elevar!

 

Og så vart det jo tur denne veka også, naTURlegvis.  Vi tar med desse bilete frå brevandring i fine formasjonar, topptur til Snønipa og mykje nytt å lære i eit spennande landskap. 

 

Blå himmel og blåis, kan det bli bedre? #nordfjordfhs #fhsliv #nestenlitthalvspesiell

A post shared by Endre Selvik (@endreselvik) on

Og så vart det nokre fine timar på sykkelsetet for fleire denne veka. Forsidebiletet er det Eivind Eriksrød som har tatt.  

RELATERT INNHALD