LUKK
Heim / Opplevingar / Ei veke i advent


Ei veke i advent

Kanskje nokon trudde vi hadde begynt å avslutte før jul?




Neidå. Vi køyrer på med fullt opplegg heilt til juleferien startar! 

Til dømes hadde vi felles adventsverkstad på tysdag. Av openberre grunnar kan vi ikkje legge ut bilete av alt det fine som vart produsert,- då vi reknar med helst vil verte overraska på julafta! 

Dei som ikkje rakk å lage noko som helst var fotball-laga våre, som reiste til den årlege Nordvestcupen mellom folkehøgskulane i nærleiken. Det medførte faktisk både sølv til jentene og bronse til gutane i bagasjen tilbake, og vi er skikkeleg happy med innsatsen! 

(foto: Edvin Lavoll)

Den nest-mørkaste veka i året er det mange som har vore på åleinenatt. Det betyr at elevane vert plasserte rundt i området, så langt frå kvarandre at det vert ei oppleving av å verkeleg vere åleine. Mange gler seg til ei slik utfordring, og ca like mange grur seg.  Så går det ofte veldig bra, eigentleg! Vi deler dei følgande instagram-bileta med dykk som fortel akkurat dette: 

Jakteventyr i særklasse vart det for klassa som reiste til Frønningen i Sogn. 

Mathea hadde ditcha KRIK-klassa for å vere med jakt-og fiskeklassen, og ho angra ikkje! 

RELATERT INNHALD