LUKK
Heim / Opplevingar / Den kalde fine tida


Den kalde fine tida

Klatre opp ein foss? Ja. Dra pulk og ligge i telt? Ja. Pudder til låra? Ja. Bruk for det ein har lært? Ja. Gløymt skia? Ja.




Ei real vinterveke med tilnærma perfekte forhold. Då får ein for eksempel opplevet slike ting som Heidi i aktivitetsklassen har mekka ein snutt om: 

 

😊 #fhsliv #nokresporvarerevig #nordfjordfhs #snowpow #skiing #powdermagazine

A video posted by Heidi Medgard Oskam (@heidi.moskam) on

 

Norske eventyr har vore på fosseklatring i Hemsedal, og dette var nok ei heilt ny oppleving for omtrent alle.  Denne typen klatring er avhengig av stabilt kaldt veir, og ein nyttar utstyr som ein også kjenner frå breaktivitetar. Det er nødvendig med god opplæring og høgt fokus på tryggleik,- men då er det også eit skikkeleg kick og veldig moro!

 

(foto: Lena Romsdal Moe)

Både Ekspedisjon og Norske eventyr skal etterkvart på lange turar med pulk og telt, og denne veka har Eksped vore på god gamaldags skitur med teltovernatting. Å gå med pulk er noko som krev litt tilvenning og det er nyttig å trene og erfare korleis det kjennes ut.Det lava ned med snø og med fullmåne om natta og fint lys i det fjerne vart dette ein flott tur. 

 

Pudderføret håpar vi skal vare lenge utover vinteren. Akkurat no er det nok til å både leike og lære og herje og kose seg dag etter dag. Vi gler oss itl fortsettelsen med masse skikøyring! 

(foto: Stian Gustafson)

Alt går ikkje som ein hadde planlagt alltid og når ein skal på skitur og gløymer skia er det klart at det ikkje er ein optimal start på turen. Forresten var det ein lærar som gløymde dei, han vil gjerne vere anonym. Men elevane gjorde det beste ut av situasjonen, og tok t.d. eit nydeleg bilete medan dei venta: 

 

Når Steinar glemmer skiene, er ikke dette dårlig plass og vente! #nordfjordfhs #fhs

A photo posted by Sondre Bulæg Tønnessen (@sondrebtt) on

 

(forsidefoto: Tiril Bråten)

RELATERT INNHALD