LUKK
Heim / Opplevingar / Breie vintersmil i prosjektveka


Breie vintersmil i prosjektveka

Årets siste prosjektveke har verkeleg innfridd. Turar til Stranda, Alpane, Strynefjellet og heilt i nærleiken av skulen. Og på sløyden er det jamnt trøkk. I tillegg har Ekspedisjon og Norske Eventyr starta på sin lange vintertur i Jotunheimen.




Som de kanskje allereie har sett bilder og lese rapport om, så er ein heil buss med elevar i Austerrike, nærare bestemt i Schladming for å oppleve snøstemninga i Alpane.  Du kan klikke og sjå meir her.

Vi prøvar å få til ein kombinasjon av kortare og lenger turar, og for nokre vart det tur internt i eigen kommune i prosjektveka, frå Gjengedalen og over dei vakre Sørstrandsfjella vi ser frå skulen heimatt. Med aldeles upåklageleg veir og flott føre viste dette seg som eit fint nær-prosjekt. Vi har dessverre ikkje bilete frå dette endå, men håpar å kome tilbake etterkvart med det. 

Strynefjellet er i vårt nærområde og stiller med mange gode muligheter for tur. Ei gruppe har vore på kiting der denne veka. Vi tar med eit bilete frå starten på turen,- ikkje berre elegante svingar og god glid her hos oss heller: 

 

Fin start på firedagers-tur! #vinjarvannjar #nordfjordfhs #fhsliv

A post shared by ⠀🐝 Sunniva Homleid (@sunnivahomleid) on

Men turen tok seg opp, det vart både kiting og topptur, og berre sjå på denne vesle snutten av den norske fjellheimen:

Forsidebiletet denne veka er det Alise Eide som har teke. Ho er ei av dei som er på tur med Ekspedisjon og Norske Eventyr i Jotunheimen. Og for eit eventyrleg veir dei fekk å starte i! Dei skal gå frå Jorunheimen fjellstove, via Olavsbu og mot Tyin. For kartinteresserte er ruta innteikna her. Vi reknar ikkje med å få så mange rapportar undervegs, det er dårleg med dekning, men klassene har naturlegvis med satelittelefon om det skulle verte behov for å ta kontakt. Elles skal dei få vandre i fred og ro fram til komande onsdag. 

Å bli med på Stranda viste seg også å vere ein god ide. Det var Bu-og fritid som hadde med seg ca.20 andre elevar på tur til sunnmørsk snø og hyttetur. At det var gode forhold var det ingen tvil om, nysnø eine dagen, påskesol og gode muligheter for å perfeksjonere teknikk og skills. 

 

(foto: Heidi Oskam)

RELATERT INNHALD