LUKK
Heim / Opplevingar / Avslutningsveke og avslutningsfest


Avslutningsveke og avslutningsfest

Vi fekk ei heilt eventyrleg veke på pilgrimstur, og ein flott avslutningsfest på laurdag som gjekk. No er det berre nedvask og rydding att, så er dette året historie.




Dette året har vi brukt mykje tid på å gå på ulike turar og ha ulike prosjekt. For å lære noko av alt det ein har opplevd må ein passe på å legge inn litt tid til å fordøye alt det fine som har skjedd. Dette har vi gjort gjennom heile året, og i tillegg legg vi opp siste turen som ein pligrimstur med ekstra tid til refleksjon og ettertanke.  

Ruta gjekk frå Ervik, over Stadthalvøya til første camp på Indre Fure, og deretter frå Dragseidet via Seljesanden til Selja. Sjeldan har vi hatt betre vær på ei slik vandring, og det vart verkeleg ei flott avslutning på året for alle saman. Litt ekstra kjekt å reise på tur saman som stor gruppe, framfor i smågrupper. God tid til å vere på tur, koke kaffi og nyte solnedgongen,- det blir ikkje betre!

 

 

Ferda er straks over, idyll ved reisens slutt. #skuleåret1617 #pilegrimsvandring #nordfjordfhs #fhsliv #Medvind

A post shared by Lars-Ove Eikje (@loeikje) on  

Ein fin gjeng foreldre og søsken deltok på minifolkehøgskule frå torsdag til laurdag. Dei fekk oppleve både vårskitur, padling, fottur og overnatting under open himmel. Etter stemninga å dømme var dei veldig godt nøgde!  Her er dei på veg mot Berdalsegga og Sessegga: 

Til avslutningsfesten bytta folket ut ulltøy og crocs med bunad og findress, og dermed var feststemninga satt. Når ein i tillegg fekk årets hittil varmaste dag med strålande sol vart dette ein skikkeleg flott dag. I tillegg til eit solid program med bl.a.herlege musikkinnslag frå elevane og gode taler frå mange involverte leverte Vidar og resten av kjøkengjengen festmat + den legendariske gulekaka til oss alle. Vi er så fornøgde og stolte over å ha fått ha ein slik fin dag saman! Tusen takk til alle som kom for å delta i opplevinga!

Vi tek med to bilete av gode vener til slutt: 

Tusen takk for i år! 

RELATERT INNHALD