LUKK
Heim / Opplevingar / Alternative alternativ


Alternative alternativ

Det er umåteleg sjeldan at vi ser oss nøydde til å seie at det er for dårleg vær, men vi snur sjølvsagt i tide når vi må!




"Felles toppturveke" stod det på planen. Og det trudde vi lenge det skulle kome til å verte.  Men så begynte yr.no og andre værinformatærar å fortelle om storm, regn, snøskredfare, sannsynlegvis stengte fjellovergongar og meir til. Til slutt var det klart at dette kom til å verte ei alternativ veke på mange måtar. Det er i grunnen ei veldig viktig lekse å lære,- når vi bur i Noreg treng vi å ta på alvor at fjellheimen kan verte livsfarleg i dårleg veir.  Her finn du link til dei oppdaterte fjellvettreglene

Ein kan då heller glede seg over at ein får gjort andre ting.  For eksempel vart det tid for å ta skikkeleg i bruk det herrrlege badeanlegget på Sandane, som endeleg har gjenopna etter ein lengre reperasjonsperiode. Dessverre er det ikkje lov til å fotografere i hallen, det kunne nemleg ha blitt ei flott samling av meir eller mindre vellukka stup her. Istadenfor viser vi korleis det såg ut då ordførar Gloppestad klipte snora til anlegget forrige helg. Forøvrig har mora til ordføraren jobba på Nordfjord folkehøgskule i ein generasjon, så Berit, dette er til deg:

 

Ellers har det vore mange fine ulike opplegg, både bading i fjorden (!), klatring, hallaktivitetar, kino ++ I grunnen vart folk flest einige om at dette vart bra greier. 

Og på fredag kom høgdepunktet: dugnad! I kuling og sludd, og 2 plussgrader. Då skulle ein kanskje tru at lysta til å gjere ein innsats forsvant, men slik er ikkje elevane på Nordfjord. Sjå denne snutten frå vedhogsten, til dømes: 

Her gjekk det unna heile dagen, og vi fekk gjort veldig mykje saman.  Faktisk vart nokon så ivrige at div.reiskapar fekk merke kjøret. Well done!

 

Denne helga har vi også starta med møteserie på kveldane, med Vidar Børjeson som innhyrt talar. Han er ein triveleg fyr frå Rjukan som har vore forkynner og pastor i mange år, men som ikkje har gløymt korleis det er å vere ung, heller.  Flott oppleving med stort band og masse folk på laurdagsmøtet! 

 

RELATERT INNHALD