LUKK
Heim / Opplevingar / Adventsstemning


Adventsstemning

No er det store juletreet ved innkøyringa til Vereide sett lys på, og det er høgsesong for klementin, kaffidrikking og hygge. Og ein fotballcup på Sunnmøre.




Som de ser av forsidefotoet har vi hatt elevar i sving på nordvest-cupen i fotball. Dette er for alle folkehøgskulane på nordvestlandet. Damene gjorde det skarpast og kom heim att med sølv, medan herrane hadde bronse i bagasjen. Gratulerer med innsatsen!

Forrige søndag var det juletretenning i bygda, og veldig mange av elevane stilte med faklar og godt humør på dette arrangementet. Veldig koseleg, og les desse fine orda frå Sigrid Bruheim: 

 

Veka elles har vore prega av adventstrim, juleverkstad og internasjonalt engasjement.  Det sistnemnde har skjedd i form av seminar torsdagen med fokus på ulikskapane i verda, og dagen etter var alle elevane i aksjon for å samle inn pengar til Okhaldungha i Nepal gjennom å gjere eit dagsverk for menneske i bygda som hadde behov for det. Det vart veldig mykje god nedvasking, bilvask, skogsarbeid mm.og mange tusen kroner blei samla inn. Takk til alle som har bidrege! 

På juleverkstaden var det høve til å lage mykje forskjelleg,- vi skal ikkje nemne alt her i frykt for å avsløre julegåver, men det er grunn til å glede seg til å pakke opp både det eine og det andre. Eit par bilete frå turkjøkenet med dropsproduksjon og brende mandlar kostar vi likevel på oss. 

  

Det er nokre elevar som ser ut til å nyte mildveirs-perioden vi no er inne i meir enn andre. Her ser dåkke eit bilete frå kaia på Vereide, der desse hardhausane held ut i både sludd, skodde og sur trekk. Det vert også påstått med jamne mellomrom: "Det er faktisk ikkje kaldt!"  Vi trur dei. Litt. 

 

(foto: Ida Råbøl)

Som ein liten bonus tek vi med eit bilete av kor fint det er i Gloppen også like før solsnu. Maria Åsdalen fanga denne fine augneblinken. 

RELATERT INNHALD