LUKK
Heim / Opplevingar / 2018- kom an!


2018- kom an!

Vi er spenn klare for eit nytt år, og starta året med felles skredkursopplæring.




Godt nyttår! Vi på Nordfjord fhs håpar det nye året vert godt og fint for dykk alle. 

Ein del av elevane feira inngongen til det nye året på Explore på Lillehammer, og der hadde vi også stand. Den komande veka kan du møte oss på Lillestrøm, sjå her: stand

Med ein drømmestart på vinteren før jul er det herleg å sjå at det berre fortset no inn i det nye året!  Mykje snø i fjellet og glimrande forhold for skiopplevingar i nærområdet. Vi har hatt skredkurs for alle elevane, og det har vore veldig mykje viktig kunnskap som har blitt formidla. Våre lærarar har alle mykje kompetanse på dette feltet, både formelt og gjennom erfaring, og det er difor naturleg at ein legg mykje vekt på formidling av dette til elevane. Ingrid Gresset har hatt det fint på kurs:

Ikkje alle overnatta ute. Det vart imidlertid bittelitt trangt om plassen for Norske eventyr på deira overnatting

(foto: Hanne Markegård)

Denne veka passerte vi også 2000 følgarar på Instagram, ei fin anledning til å sette i gong ei konkurranse der premien er ein skredsøkar. Finn oss og følg oss! @nordfjordfhs   https://www.instagram.com/nordfjordfhs/

(forsidefoto: Lillian Aunevik) 

RELATERT INNHALD