LUKK
Heim / Opplevingar / 2017, vi er klare for deg!


2017, vi er klare for deg!

Flunkande nytt år og nytt semester. Så mykje godt i vente og ein veldig god start vart det denne veka.




No er elevane altså tilbake etter ein lang ferie med bl.a.mykje soving, og er difor spenn klare til nye eventyr her på Nordfjord fhs. Vestnorsk jul varta opp med storm og regn og generelt svinaktig lite stabil snø, men som ved eit trylleslag fekk vi akkurat det vi ønska oss til vekas skredkurs: drømmesnø og drømmevær. 

 

🏔☀️ #tipptopptur #utno #nokresporvarerevig #nordfjordfhs

A photo posted by Ida Tysnes Gunnari (@idagun) on

 

Vi tar også med ein liten snutt som viser at det faktisk var veldig god pudderleik i Stryn: 

 

Finnes ikke en bedre start på året enn dette! #nordfjordfhs #fhsliv #powpow

A video posted by Marcus Schrøder (@marcusscr) on

I alle fall eitt døgn var det slik....så vart det storm og temmeleg bråkete å ligge i telt. Alt har sin sjarm! 

Det har altså vore skred som har stått i fokus denne veka, og det er livsviktig kunnskap å ha med seg vidare i året. VI drillar mykje på at vurderingane vi tar på tur skal vere forsvarlege. Skred er eit tema ein aldri vert utlært på, og difor var kurset desse dagane berre ein liten start. Mykje meir kunnskap og erfaring vil ein få gjennom vekene som ligg framfor.  Vår målsetting om å vere trygge og gjere andre trygge legg grunnlaget for mange herlege turar denne våren! 

(foto: Lars-Ove Eikje)

(foto: Tiril Bråthen)

Forsidefoto: Ingrid Skeidsvoll

RELATERT INNHALD