LUKK
Heim / Fag / Skuletur med Statsraad Lehmkuhl


Skuletur med Statsraad Lehmkuhl

Har du lyst til å stå til rors på eit hundre meter langt seglskip, eller klatre i riggen 40 meter over bølgjene? Dette blir berre nokre av ingrediensane når vi legg ut på tokt med Statsraad Lehmkuhl og seglar vestover til Shetland. Gled deg til flotte døgn som manskap ombord på verdas største tremasta bark.




Toktet er skulen sin faste skuletur i starten av året. Vi blir henta i Gloppefjorden rett ved skulen, seglar ut Nordfjorden og over Nordsjøen til Shetland.  Undervegs er vi mannskap om bord og lærer vi mykje om segling, tauverk, navigasjon og livet på sjøen. Og så blir vi betre kjent med kvarandre. Det kan komme godt med resten av året.  

 

Informasjon om skipet og toktet

Dei siste åra har vi avtalt at skuta kjem frå Bergen og  hentar oss i Gloppefjorden like ved skulen. Etter å ha mønstra på skipet, brukar vi dei første timane til opplæring i sjømannskap og rutinar. Under overfarten er det vi som er mannskap, og vi tek del i vaktrutinar og seglmanøvrar. Det vert òg frivakter der du kan gå på oppdagingsferd rundt om på skipet.  Etter ein dag i Lerwick på Shetland seglar vi til Bergen og så blir det buss tilbake til Nordfjord. Gled deg til fem dagar om bord på verdas største 3-masta bark.



Statsraad Lehmkuhl er ein tremasta stålbark på 323 fot. Den er verdens største tremasta bark. Båten vart bygd i Tyskland i 1914.

Den har i nesten heile denne perioden vore brukt som skuleskip. Statsraad Lehmkuhl har 22 segl med eit totalt seglareal på 2026 kvm.

Når alle segla er oppe er båten eit fantastisk skue. Som medseglar er eit av høgdepunkta å få vere med å sette segl, enten det er å dra i eit av skauta eller det er å klatre i riggen.

Frå toppen av høgste masta er det 48 meter ned til havflata. Her er fantastisk utsikt og masse kribling i magen. Båten er lettsegla, og med god bør kan han komme opp i 17 knopps fart. Båten har eit fast mannskap på 23 personar som leier toktet.


Om bord i båten er det overnatting i hengekøye på banjeren. Det vert servert fire måltid i løpet av dagen og maten er god. Maten vert laga av båten sin eigen kokk. Alle som er med på turen vert kalla medseglarar og tar del i oppgåvene på eit av tre vaktlag.

Rytmen om bord er 4 timar vakt og 8 timar kvile. Slik går dagane. Oppgåvene om bord er vakt, stå ved roret, vere med å sette segl, vasking m.m. Det blir og forhåpentlegvis tid og ver til å ligge på dekk å sole seg og lese bøker.

For meir info om skuta: Sjå  lehmkuhl.no

Rapportar frå tidlegare tokt


Nordfjordtoktet 2016: bildeserie -  turrapport -  logg

Nordfjordtoktet 2015: film: Rigga for felleskap  -  logg  -  filmsnutt

Nordfjordtoktet 2014: logg

Nordfjordtoktet 2013: logg  -  bildeserie  -  film  -  annonsebillag

Nordfjordtoktet 2012: bildeserie

 

RELATERT INNHALD