LUKK
Heim / Fag / Linjefag / KRIK

Linjefag: KRIKEit fartsfylt år

Det er plass til mykje mellom himmel og jord! Eit heilt folkehøgskuleår, for eksempel. Fylt av akrobatikk, beach-volley, terrengsykling, surfing, kiting, elvekajakk, klatring, fjellturar, skikøyring, teltliv, sprakande bål og stille morgonar.

Det er idrettshall og klatrevegg, fjord og fjell. Og ikkje minst gode vener. 

KRIK står for Kristen Idrettskontakt, ein kristen organisasjon som har fokus på idrett, friluftsliv, ungdom og tru. På KRIK-linja vår her på skulen konsentrerer vi oss nettopp om dette.  Som KRIK-elev får du eit år der du vil vekse på mange måtar, og du får leiartrening og undervisning om kristen tru. 

Dette er året for friluftsliv, idrett, Gud og menneske.

 
Les meir om KRIK på krik.no



KRIK innhald

Studietur til Indonesia/Bali
Terrengsykling
Surfing på Stad
Klatring
Elvekajakk
Vandretur om hausten
Bretur
Akrobatikk
Beachvolleyball
Fotball
Leiartrening
Toppturar haust og vinter


 


14 dagar
2 dagar
2 dagar
3 dagar
3 dagar
3 dagar
3 dagar
2 dagar
2  dagar
2 dagar
3 dagar
10 -15 dagar

Skredkurs
Kiting
Skikøyring i Sunnmørsalpane
Isklatring
Åleinenatt
Skiveke i Hemsedal
Segltur med Statsraad Lehmkuhl
Kokelagstur
Pilegrimsvandring
Førstehjelpskurs
Snøholetur
KRIK-linjesamling

 

3 dagar
3 dagar

3 - 5 dagar
1 dag
2 dagar
5 dagar

5 dagar
3 dagar
3 dagar
2 dagar
3 dagar
4 dagar

 


KRIK - Nordfjord Folkehøgskule from Nordfjord fhs on Vimeo.

MEIR INFORMASJON OM INNHALDET PÅ LINJA

Dette blir eit bra år! Berre sånn at det er sagt. Vi skal vere mykje ute, og prøve oss sjølve i naturen. Vi skal sjå at haust, vinter og vår glir over i kvarandre ute ved kysten eller oppe i fjellet. Gled deg til eit år fullt av det meste! 

I starten av skuleåret blir det bretur. Det er òg aktuelt å legge dagsturar til stader der vi kryssar brear. I løpet av skuleåret får du òg prøve deg på isklatring. 

Fjorden er òg nabo til skulen, og vi har eige naust med båtar. Vi skal padle kajakk på Gloppefjorden, og vi skal prøve elvekajakk med dyktige instruktørar. I løpet av året blir det høve til å lære eskimorulla i kajakk. Av aktivitetar i og på vatn må vi òg nemne surfing i Hoddevika.

I nærområdet rundt skulen skal vi prøve terrengsykling, klatring,  toppturar og tinderangling. Når vinteren kjem blir det ski og skikøyring i alle former. Og så skal vi lage god mat i det fri.

Vi vil bruke tid på å utruste deg som KRIK-leiar gjennom idrett, friluftsliv og aktivitetar. Dette går som ein raud tråd gjennom heile året, og i nokre av linjeopplegga får du møte rutinerte KRIKarar som vil inspirere deg. I løpet av året skal vi òg ha ansvar for eit opplegg for KRIK-konfirmantar. Ved årsskiftet legg vi opp til at du kan vere med på KRIK sin fantastiske nyttårsleir på Lillehammer – Explore. Ei stor oppleving!

Vi håpar og ynskjer at du skal få utvikle deg som person og som KRIK-leiar. Etter skuleåret blir du prioritert om du ynskjer å vere leiar på Action/KonfAction.

Friluftsliv/KRIK +Indonesia = Sant!
På vårparten tek vi fram kartet og reiser mot sør og aust. Vi skal til Indonesia, og du får møte landet og nyte friluftslivet der. Samtidig skal du få møte og bety noko for menneske som bur der.

KRIK er til for at du skal få opplevingar du seint vil gløyme. Tru på Gud, tru på deg sjølv, tru på eit utruleg bra år!

 

Her finn du pakkeliste for Friluftsliv/KRIK

BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ KRIK