LUKK
Heim / Kjære alle familiar!


Kjære alle familiar!

Vi har allereie kome langt i skuleåret 2017-2018. Vi har prøvd både sol og regn, høge toppar, lune fjordar og stort hav.




1dji_0049

De kan sjå bilete og lese om kva som skjer her på skulen si heimeside.

No ynskjer vi at familiane til elevane skal få sjå litt meir av korleis vi har det i lag. Difor inviterer vi dykk til familiedag på skulen laurdag 18. november. På denne dagen får de høve til å bli litt betre kjende med skulen og med kvardagen til elevane.

Vi ynskjer velkomen kl 10.00. Alle må møte ferdig kledde til tur og aktivitet. Vi startar med litt informasjon på skulen, og deretter blir det aktivitetar. Hugs gode og varme utekle!
Frå klokka 13.00 er det ute-lunsj ved bålhuset på skulen, ta med deg fat og kopp.
Klokka 14.00 er det open skule der de kan få sjå bygningar og utstyr, og høyre om undervisning, turar og aktivitetar.
Kl. 16.00 er det middag til alle.
Klokka 18 er det linjesamling, der vil lærarane informere om linja, og det blir gode høve til å stille spørsmål. 
Klokka 19.30 viser elevane årets revy

NB! Tidene/programmet kan bli litt justert.

Grunna mange elevar har vi fullt hus og lite plass til gjesteovernatting skulen. Vi håpar de finn stader å overnatte!
Vi foreslår:
•  Gloppen hotell (Sandane, 6 km frå skulen) tlf.57 86 53 33
•  Gloppen Camping (Sandane, 7 km frå skulen) tlf.57 00 02 81
I tillegg finst det fleire gode alternativ i Loen, Innvik, Skei, Byrkjelo og Nordfjordeid. Om de ikkje klarer å finne overnatting, tilbyr vi overnatting i lavvo på plenen utanfor skulen. Vi set opp lavvoane våre, og så tek de sjølve med det de treng for ei helg i lavvo.

Vi håpar de har høve til å kome til Nordfjord denne dagen. Påmeldingsfristen er torsdag 9. november. Det er viktig at de melder dykk på slik at vi kan planleggje best mogleg. Vi ynskjer elektronisk påmelding via skjemaet de finn i denne linken: Påmelding
Om de ikkje har høve til å bruke skjemaet kan de sende epost med påmelding til kontor@friluftslivskulen.no eller ringe tlf 57 86 80 40.
Pris og betaling: Kvar person betalar kr 350,- for foreldredagen. Dette inkluderer alle aktivitetar, revy, lunsj og middag. Om de treng ekstra måltid utover dette kostar det 50 kroner per person per måltid. Eventuelle yngre søsken som er med, betalar halv pris. Vi ynskjer helst at de betalar på førehand: De reknar sjølve ut kor mykje de skal betale og set beløpet inn på konto 3000.15.28560. Merk innbetalinga med "familiedag + eleven dykkar sitt namn"

Hjarteleg velkomne til Nordfjord folkehøgskule! Vi gledar oss! 
Beste helsing alle i personalet.

SAKER FRÅ ARKIVET