LUKK
Heim / Julehjelp


Julehjelp

Det har vore stor pågang etter julehjelp – vi kan ikkje ta imot fleire oppdrag.




vaskehjelp-3

Fredag 1. desember arrangerer vi ”julehjelp” – ein dag der elevane ved Nordfjord folkehøgskule vaskar hus, ryddar skog, pussar vindu, vaskar bilar osv., alt til inntekt for eit sjukehus i Okhaldhunga i Nepal. 

No er det så mange som har bestilt julehjelp, at vi har stengt påmeldinga. Men truleg blir det julehjelp også neste år, så du får berre spare på støvet eit års tid!
Dei som allereie har bestilt julehjelp, må hugse å leite fram alt utstyret som trengs før elevane kjem – vaskebøtte og klutar, hanskar og verneutstyr, og lange lister på alt du vil ha gjort. Betalinga er enkel og grei: Du kan anten ha kontantar og betale elevane når dei er hos deg, eller betale inn på konto 3705.13.05842, eller Vipps #85971 Merk betalinga med "Bistand + namnet ditt". Eit dagsverk frå ein elev kostar 400 kroner.

SAKER FRÅ ARKIVET