LUKK
Heim / Om skulen / Ledige stillingar


Ledige stillingar




Nordfjord folkehøgskule, friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord, ligg i Gloppen kommune, ca 5 km frå kommunesenteret Sandane. Distriktet er kjent for variert og flott natur med som legg godt til rette for eit aktivt friluftsliv. Alle linjene ved skulen har friluftsliv som hovudfag. Skulen har i dag 132 elevar, 30 tilsette og ei omsetning på 28 millionar kroner.

Vi ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass for alle som vil jobbe med friluftsliv og naturen som klasserom. Og for alle som vil bidra til å lage ein god heim, langt heimefrå, for unge menneske som kjem til oss.

Ledige stillingar: 

Februar 2017: 

Vi søker etter ekstrahjelp/kjøkenassistentar som vi kan kontakte ved behov. I periodar har vi mykje aktivitet med selskap og utleige. Jobben vil bl.a. vera servering, klargjering til selskap, samt andre oppgåver på storkjøkenet. Vi søkjer deg som er serviceinnstilt, fleksibel og likar å vere med å ta i eit tak. 

Søknad kan sendast på mail til kontor@friluftslivskulen.no

Frist: 27.02.17

For spørsmål, ta kontakt med Nordfjord folkehøgskule, på tlf. 57 86 80 40 eller mail: kontor@friluftslivskulen.no

 (foto: David Zadig)

Kvifor jobbe på friluftslivskulen i Nordfjord?

Det er mange og gode grunnar for å kome til Nordfjord og arbeide her! Du skal få ei lita smørbrødliste med oversikt over godbitane. Vi garanterer ikkje at vi er heilt objektive, men alt som står på lista er sant.

Nordfjord folkehøgskule ligg midt i smørauget for den som vil drive med friluftsliv. Frå skulen er det kort veg til både bre, fjell og fjord. Elvar og fiskevatn ligg i nærområdet, det same gjer fleire klatrefelt. Det er kort veg til Sunnmørsalpane, Jostedalsbreen, Hoddevika og havet, og det nyttar vi oss mykje av. Vinter og vår er det svært gode forhold for skikøyring, og fjelltoppane ligg på rad og rekke rundt skulen.

Det at naturen rundt oss er så flott, utnyttar vi til fulle i undervisninga. Det betyr at du som lærar får vere med å formidle naturglede, utforskingslyst og kunnskap i mange aktivitetar. I dag underviser vi mellom anna i klatring, bre, ski, surfing, elvepadling, båt, kiting, kano og havkajakk. Etter mange år som friluftslivskule sit vi på stor erfaring og kompetanse. Samtidig ynskjer vi stadig å utvikle oss. Difor er det alltid spennande med nye kollegaer som kan bidra med sine kunnskapar, erfaringar og idèar.

I tillegg til lengre turar og omfattande aktivitetar kan elevane velje mindre valfag som går over korte periodar i skuleåret. For elevane er dette svært attraktive timar, der dei får velje mellom mange spennande fag. Det varierer frå år til år kva valfag vi underviser i, og du som lærar vil ha stor innverknad på kva fag vi tilbyr. Vi vil gjerne vite kva kunnskap og ekspertise du har å tilby!

Det er svært stor søknad til skulen. Skuleåret 16/17 har vi 132 elevar, og søkjartala no tilseier at vi får heilt full skule til neste år. Elevane er ferdige med vidaregåande skule, og det er relativt lik fordeling mellom gutar og jenter.

Til sist på denne ikkje heilt objektive, men likevel sanne lista, vil vi nemne eit svært godt kollegafellesskap. Det er om lag 30 tilsette ved skulen, og vi er (utan å skryte altfor masse) ein veldig fin gjeng! Kompetansen på fagfelta våre er stor, vi har mykje erfaring, det er god plass for ulike meiningar og eige initiativ, og fellesskapet er godt.

Velkomen til oss!
 

BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Friluftslivskulen