LUKK
Heim / Fag / Linjefag / Jakt og fiske

Linjefag: Jakt og fiskeFulltreffar

Det er vilt i vest. Difor kan vi ønskje deg velkomen til eit år med jakt. Du skal jakte på rype, hare, gås, sel, rev, villsvin og hjort. Du skal jakte på den gode kjensla. Du skal leve som Lars Monsen, med teltet og rifla og heile villmarka som din nye heim. Du skal sette ut feller, fiske med fluge og garn, slakte og tilberede. Men ikkje berre det. Du skal få prøve deg på anna friluftsliv: spennande skiturar, vakre fjelltoppar og bratt klatring.

Kort sagt: velkommen til eit vilt år.



Jakt og fiske innhald

Hjortejakt
Rype-, hare- og skogsfugljakt
Revejakt
Gåsejakt
Seljakt
Vilsvin- og beverjakt i Sverige
Innlandsfiske
Havfisk / segling
Kano / kajakk
Klatring
Toppturar

9 - 12 dagar

8 - 10 dagar
3 dagar
3 dagar
3 dagar

5 dagar på tur
5 dagar
5 dagar
3 dagar
3 dagar
3 dagar

Skredkurs
Terrengsykling
Basistur haust
Førstehjelpskurs
Snøholetur
Skiveke i Hemsedal
Segltur med Statsraad Lehmkuhl
Kokelagstur
Vintertur
Pilegrimsvandring
Åleinenatt
Skileik

3 dagar
? dagar
3 dagar
2 dagar
3 dagar
5 dagar

5 dagar
3 dagar
3 dagar
3 dagar
2 dagar
1 dag

 


Nordfjord folkehøgskule - Jakt og fiske from Nordfjord fhs on Vimeo.

MEIR INFORMASJON OM TILBODET PÅ LINJA

På Friluftsliv/Jakt og fiske går det mykje i…… ja, nettopp, jakt og fiske. Og så får du mykje friluftsliv i tillegg.

Vi startar året med at dei som ikkje har storviltprøve og jegerprøve tek desse prøvene. Og så er alle klare for året, uansett om ein har mykje eller lite erfaring med jakt, fiske og friluftsliv.

Klassa er heldig og disponerer 11.000 mål i Rognkleiva i Hyen, der vi driv hjortejakt og småviltjakt. I Eimhjellen har vi løyve på fem hjortedyr, og i Årdal jaktar vi ryper. Og ikkje minst er det skogsfugljakt og høve til smygjakt på hjort på Frønningen, staden der Kristoffer Klausen brukte eitt år i villmarka.

I løpet av hausten skal vi òg drive ferskvassfiske, og padle kano. Og for dei som vil ha endå meir jakt, så kan du velje det i ei prosjektveke.

Etter jul blir det vinterfriluftsliv. Då har vi skredkurs, toppturar, snøholetur, skileik og kurs i telemark.

Hvis fiskeridirektoratet åpnar for det vil det bli seljakt, og om viltnemda vil blir det skadefelling av gås.

Vi skal drive med klatring og kajakk, det blir segltur med line- og garnfiske, dorging etter sjøørret, revejakt og harejakt med hund. Det siste jaktprosjekt er villsvin- og beverjakt i Sverige. Vi reiser til Dylta Bruk, ei perle utanfor Karlstad

Utstyr
I tillegg til det som står på utstyrslista, må du som elev på Jakt og fiske ha ei hagle og ammunisjon (ca 50-100 skot). Veldig bra hvis du også har jaktrifle (vi har nokre rifler som vi leiger ut for sesongen), rifleammunisjon og tohandskikkert.

Her finn du pakkeliste for Friluftsliv/Jakt og fiske

BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Jakt og fiske