LUKK
Heim / Fag / Linjefag / Jakt og fiske

Linjefag: Jakt og fiskeFulltreffar

No skjer det. Du får leve ut jegeren i deg. Skogane i Nordfjord er fulle av hjort og anna vilt, dette er eit eldorado både for erfarne jegrar og for dei som har lyst til å bli det. I skogen og på fjellet jaktar vi rype, hare, rev, villsvin og hjort. Vi prøver fellefangst, og på kysten jaktar vi gås og sel, og set både garn og line. Når jakta er over, lærer du å bruke ressursane frå naturen. Det blir gode middagar, for å seie det sånn!

I løpet av eit heilt år i Nordfjord er det plass til mykje meir. Du skal få prøve deg på mykje anna friluftsliv: spennande skiturar, sykling, klatring og vakre fjelltoppar.  

Velkomen til eit år med mykje jakt og fiske!



Jakt og fiske innhald

Hjortejakt
Rype-, hare- og skogsfugljakt
Revejakt
Gåsejakt
Seljakt
Vilsvin- og beverjakt i Sverige
Innlandsfiske
Havfisk / segling
Kano / kajakk
Klatring
Toppturar
Via Ferrata Loen

9 - 12 dagar

8 - 10 dagar
3 dagar
3 dagar
3 dagar

5 dagar på tur
5 dagar
5 dagar
3 dagar
3 dagar
3 dagar
1 dag

Skredkurs
Terrengsykling
Basistur haust
Førstehjelpskurs
Snøholetur
Skiveke i Hemsedal
Segltur med Statsraad Lehmkuhl
Kokelagstur
Vintertur
Pilegrimsvandring
Åleinenatt
Skileik

3 dagar
2 dagar
3 dagar
2 dagar
3 dagar
5 dagar

5 dagar
3 dagar
3 dagar
3 dagar
2 dagar
1 dag

 


Nordfjord folkehøgskule - Jakt og fiske from Nordfjord fhs on Vimeo.

MEIR INFORMASJON OM TILBODET PÅ LINJA

På Friluftsliv/Jakt og fiske går det mykje i…… ja, nettopp, jakt og fiske. Og så får du mykje friluftsliv i tillegg.

Vi startar året med at dei som ikkje har storviltprøve og jegerprøve tek desse prøvene. Og så er alle klare for året, uansett om ein har mykje eller lite erfaring med jakt, fiske og friluftsliv.

Klassa er heldig og disponerer flotte jaktterreng nær skulen. Vi er i Rognkleiva i Hyen, der vi driv hjortejakt. I Eimhjellen har vi løyve på fem hjortedyr, og i Årdal jaktar vi ryper. Det er òg høve til rypejakt  nær skulen. Seint på hausten reiser vi til Frønningen, ein stor godseigedom i Sogn som disponerer inntil 100 hjorteløyve. Her kan vi óg jakte skogsfugl.

I løpet av hausten skal vi til fjells for å vandre og fiske i fjellvatn.

For dei som vil ha endå meir jakt, så kan du velje det i ei prosjektveke. I tillegg er det mange lokale jaktlag som inviterer oss til privat jakt i helgane.

Etter jul blir det vinterfriluftsliv. Då har vi skredkurs, toppturar, snøholetur, skileik og kurs i telemark.

Hvis fiskeridirektoratet åpnar for det vil det bli seljakt, og om viltnemda vil blir det skadefelling av gås.

Vi skal drive med kajakk og klatring, og du får høve til å ta brattkort. Det blir segltur med line- og garnfiske, dorging etter sjøørret, revejakt og harejakt med hund. Det siste jaktprosjekt er villsvin- og beverjakt i Sverige. Vi reiser til Dylta Bruk, ei perle utanfor Karlstad.

Utstyr
I tillegg til det som står på utstyrslista, må du som elev på Jakt og fiske ha ei hagle og ammunisjon (ca 50-100 skot). Veldig bra hvis du også har jaktrifle (vi har nokre rifler som vi leiger ut for sesongen), rifleammunisjon og tohandskikkert.
 

Her finn du pakkeliste for Friluftsliv/Jakt og fiske

BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Jakt og fiske