Visjon
Brosjyre
|
Loggbok veke 5 - 2010![]() Minusgradene står framleis i kø, og vi har fått påfyll av snø både på skulen og i fjellet. Det siste er ekstra bra, for denne veka er det altså basistur i vinterfjellet. Elevane skal lære det grunnleggande om å vere på tur vinterstid, og alle skal mellom anna lære å grave snøholer. Overnattinga blir i snøholer og telt, og dette blir garantert ei frisk oppleving. Her er det berre å finne fram den tjukkaste soveposen! BUA har ikkje tenkt å sove i snøhole. Etter ei veke på tur er det godt å vere tilbake på skulen, og det kjennest bra å vere tilbake i vanleg rytme med vanleg timeplan. Og vanleg timeplan betyr forming, musikk, drama, gym, svømming, matlaging, romvask, klevask, osv osv. Med andre ord er det nok å henge fingrane i! Torsdag er det turdag og etterpå tur i svømmehallen, og fredag køyrer vi til Sandane for å handle. Laurdag inviterer Ekspedisjon til seminar, og elevrådet har planlagt elevkvelden. I løpet av helga skal vi òg ha kurs i båtførarprøva på skulen. 29 elevar har meldt seg på undervisninga som blir avslutta med eksamen på søndag. Tvi-tvi! ![]() |
Friluftslivskulen på film
Flash is not installed
Friluftslivskulen - siste bildeserie
Friluftslivskulen i ord
"Tab for alt ikke lysten til at gå. Jeg går mig hver dag det daglige velbefindende til og går fra enhver sygdom; jeg har gået mig mine tanker til, og jeg kender ingen tanke så tung, at man ikke kan gå fra den. Når man således bliver ved at gå, så går det nok."
Søren Kierkegaard Eit år med Johannes
![]() Johannes Kristianslund vert kjendis i bygda. Firda Tidend føl han gjennom skuleåret. Les meir Sjå fotoblogg |