LUKK
Heim / Opplevingar / Ida Flæthe Solheim, Sogndal


Ida Flæthe Solheim, Sogndal

Kva får ungdomar frå heile landet til å investere i eit år på Nordfjord folkehøgskule?




- Hit vil eg!

Ida var på omvisning på Nordfjord folkehøgskule for å sjå om ho hadde lyst til å gå her. Og ho bestemte seg med ein gong. Ho ynskte å gjere noko anna etter vidaregåande, og ville prøve å klare seg på eiga hand.

På linja får ho lære masse, og ho får vere aktiv. Og det syns Ida er viktig. Ho er frisk som ein fisk, veldig sprek, tek 50 situps kvar kveld - og planken. Linja er på tur kvar fredag, då er dei på tur i skogen eller på fjellet eller ved sjøen, og dei lagar god mat.

Ida syns at det aller kjekkaste på Nordfjord er alle medelevane på skulen, og måten dei har møtt ho på.

- Her kan eg vere den eg er!

Ida har Downs syndrom, og har ikkje alltid hatt så mange vener.

- Eg har aldri blitt mobba, men folk har snudd ryggen til meg. Både på barneskulen og på ungdomsskulen. Her på Nordfjord ser alle meg. Alle stoppar for å prate med meg.

RELATERT INNHALD