LUKK
Heim / Om skulen / Elevar, hus og rom


Elevar, hus og rom

På skulen er det plass til 135 elevar. Skulen er stor og har mange rom: Smie, tresløyd, vektrom, gymsal, badstove, keramikkrom, syrom, og ikkje minst ein 250 m2 stor innandørs klatrevegg. Vi har òg vedfyrt badestamp, sandvolleyballbane, bålhus, to flotte gapahukar, og naust med eigne båtar rett nedanfor skulen.



Link til:  Arrangement  /  Kart   /   Alder på elevane  /  Møt elevar

 

Om internata

Elevane bur i fire internat Sørtun, Midttun, Nytun og Vesttun. Vi har generelt god standard på alle hus og rom. På internatet Vesttun har vi nokre rom med til saman 20 plassar der bebuarane brukar toalett og dusjanlegg på motsett side av korridoren. Dei som bur på desse romma betaler litt mindre enn dei andre for skuleåret. Dersom du ønskjer einerom, så har vi sett av nokre få rom til dette formålet. Du får då eit tillegg i prisen. Dei fleste ønskjer å bu på dobbeltrom. Før skuleåret sender vi ut ein e-post med spørsmål knytta til romfordeling og eventuelle ønskje for einerom og romstandrad.  

Ljosborg med Vesttun

Dette er hovudbygget på skulen. Den eldste delen består av eit tømmerbygg som vart sett opp i løpet av perioden 1922-1923. Huset vart akkurat ferdig til den aller første opningsfesten 27. oktober 1923. Etter den tid har det vorte restaurert fleire gonger. I vestfløya på det gamle bygget finn vi i dag klasserom i kjellaretasjen, internat i 2. og 3. etasje (Vesttun) og skulen sitt kapell i 4. etasje. I austfløya finn vi kontor og gjesterom. I midtseksjonen finn vi storklasserom, elevstove, internat (Midtvest), tilsynsrom, gjesterom og festsalen Ljosborgstova.  

I 1984 vart bygget utvida mot nord med med nytt storkjøken, matsal og gymsal med garderobar.  

 

Midttun

Då Midttun stod ferdig i 1965 fekk skulen kapasitet til 50 nye elevar, lærarbustad, kontor og undervisnngsrom. I 2007 vart bygget renovert, tre og tre rom vart gjort omm til to slik at det vart plass til dusj og toalett til kvart rom. Det vart lagt på saltak med plass til nytt ventilasjonsanlegg. I dag er det 34 sengeplassar på Midttun. 

 

Nytun

I 2015 bygde vi om ei avdeling med klasserom/grupperom/lager til internat. Påbygget til Midttun fekk namnet Nytun og her er det 10 dobbeltrom med dusj og toalett. I andre etasje er det stove, kjøken og tørkerom. 

img_1000

Sørtun

Lengst sør ligg internatet Sørtun som hadde 32 elevplassar og to personalleiligheiter då det stod ferdig i 1980. I dag er leiligheitene bygd om til elevstover og elevrom slik at den totale kapasiteten er 36 elevar. 

skulebyggningar-2007-008

 

Nordtun

Rektorbustaden stod ferdig i 1923, og i vel 70 år var det berre rektor som fekk bu i den store villaen. På 1990-talet og 2000-talet vart rektorbustaden brukt som personalbustad, men 22. august 2009 starta ei heilt ny epoke, då flytta nemleg ti elevar inn i den ærverdige bustaden. Bustaden fekk no fem doble elevrom, to bad, vaskekjellar, kjøken, stor stove og nytt nanm: Nordtun! Frå og med 2016 er det dei åtte stipendiatane som bur i Nordtun.

 

 


 

BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Friluftslivskulen