LUKK
Heim / Opplevingar / Hans Haugstad Avdem, Lesja


Hans Haugstad Avdem, Lesja

Kva får ungdomar frå heile landet til å investere i eit år på Nordfjord folkehøgskule?




- Eg vil måle krefter med naturen. Og samtidig lære meg å leve med naturen, ikkje mot den. Og for å lære det, må eg jo vere i naturen. Eg vil mest mogleg ut på tur, og få størst mogleg utfordringar i naturen. Friluftsliv er ein livsstil, og eg trur dette folkehøgskuleåret blir ein slags base i livet mitt som eg kan bygge vidare på. Det er vanskeleg å leve av friluftsliv, men eg vil halde fram med friluftsliv og vil veldig gjerne på ekspedisjon åleine. Eg trur at eg er i stand til det etter dette året på Nordfjord.

RELATERT INNHALD