LUKK
Heim / Opplevingar / Fotokonkurransar


Fotokonkurransar


På Nordfjord folkehøgskule har vi tradisjon for å avslutte skuleåret med ein fotokonkurranse. I arkivet under finn du bilete frå fotokonkurransene frå 2003 og fram til i dag. Elevane vert utfordra til å plukke ut sine beste blinkskot. Ein jury frå personalet får i oppgåve å sile ut nokre hundre bilete, før dei til slutt nominerer dei beste bileta og vinnarane i følgjande kategoriar:

  • Menneske i naturen
  • Natur
  • Portrett
  • Open klasse
  • Livet på skulen (frå 2014)
  • Instagram (frå 2015)
  • Årets bilete

På den interne avslutningsfesten er det framvisning av alle dei nominerte bileta. Dei tre beste i kvar kategori får pengepremier.