LUKK
Heim / Følg oss på toktet med Statsraad Lehmkuhl


Følg oss på toktet med Statsraad Lehmkuhl

Vi er på tokt med Statsraad Lehmkuhl 15.-20. september. Du kan følge oss i turloggen (som blir oppdatert med ujamne mellomrom = når det er dekning) og på kartet nederst på sida.




Turlogg

Så var det over for denne gang... Sandane - Lerwick - Bergen. Takk for nok ein fantastisk segltur med den vakraste skuta som finst!‪#‎statsraadlehmkuhl‬  ‪#‎samanereingodstadåvere‬ ‪#‎skuletur‬‪#‎gledarmegallreidetilnestegang‬ ‪#‎nordfjordfhs‬ ‪#‎livetdere‬ ‪#‎bestemannskapet‬‪#‎shanty‬ @nordfjordfhs @statsraad_lehmkuhl

 

Fredag 19. september, kl 1600:
Hei, no ligg vi og duppar i fineveiret utanfor Sognefjorden. Det er nesten ikkje vind nok til seglinga, men det er så flott å ligge utpå her at vi kan ikkje klage. Ikkje eingong dønningar på havet i dag! Vi kjem til Bergen i morgon kl ti og reiser vidare med buss til Sandane. 
Hildegunn

Onsdag 17. september, kl 1100:
Så er vi komne til Lerwick. Vi klappa til kai kl ni i dag tidleg. Det vart litt meir vind og sjø i løpet av natta, så det var nokre litt bleike typar i dag tidleg. Men på land er alt flatt og flott, så nå er det busstur til Scalloway og elles berre tid til å kikke seg rundt. Det er kaldt og surt på Shetland i dag, men gode muligheter til å få seg ein varm cup of tea. Vi legg frå kai igjen i kveld kl ni.
Hildegunn

Tysdag 16. september

Kl 1730 fekk vi inn sms frå rektor Hildegunn:
Hei rapport frå ope hav, no rett utanfor Statfjord. Vi har stillt vêr, 2knops fart max med full rigg oppe. Vi har hatt badestopp med hopping frå dekk ogsydenstemning :-) Litt dønningargjorde nokre få litt kleine i går. i dag er alle på beina og nyt sola, fellesskapet og den gode maten ombord. Alt er altså vel!

Kaptein Seidl skriv dette på facebook kl 1400:
Vi begynte å seile på en fin nordlig bris i det vi kom klar av norskekysten i går kveld, men denne har spaknet i løpet av natten og vi har i øyeblikket så vidt vind til å holde styrefart her ute i Nordsjøen. Men, vi har uvanlig flott vær og alle ser ut til å nyte de rolige forholdene under solskinn og seil - det er til og med forespørsler om å få bade...
Med hilsen, Kaptein M. A. Seidl og mannskap


Måndag 15. september
Måndag morgon gjekk elevane ombord på Statsraad Lehmkuhl. Vi vinka forvall til skuta som forsvann inn i skodda som låg tjukk over Gloppefjorden. Men berre ein time seinare fekk vi tilsendt bilder med solskin frå blå himmel.

Les meir om Nordfjord folkehøgskule sine tokt med Statsraad Lehmkuhl her!

Les meir om Statsraad Lehmkuhl på: http://www.lehmkuhl.no/hjem/

Nyaste oppdaterte posisjon:

 

RELATERT INNHALD