LUKK
Heim / Følg oss på toktet med Statsraad Lehmkuhl


Følg oss på toktet med Statsraad Lehmkuhl

Vi er på tokt med Statsraad Lehmkuhl 15.-20. september. Du kan følge oss i turloggen (som blir oppdatert med ujamne mellomrom = når det er dekning) og på kartet nederst på sida.




Publisert 14.9.2013 (oppdatert 20.9.2013)

Turlogg
Fredag 20. september
Statsraad Lehmkuhl gjekk inn Hjeltefjorden ved Fedje med kurs for Bergen. Der la vi til kai kl 12.

Torsdag 19. september

I løpet av natta braste vi segla og gjorde vending mot nord. Vi segla langs Norskekysten frå Stavanger til Fedje. Vi hadde på det meste 13 segl og vi segla på slør vind. Det vart ein nydeleg dag i godt ver, og solnedgangen ga ei magisk stemning i det elevane var oppe i master og rær for å berge segla for kvelden. Fullmånen, stjernehimmelen og vindstilla sørga for ein fin kveld ombord i Lehmkuhl.

Onsdag 18. september: 
Vi segla ut frå Lerwick kl 8:15 i litt ruskete ver. Vi fekk opp nokre segl og sette kursen søraustover. Der var god seglvind frå sørvest, og vi kom opp i ei fart på 11 knop.
 

 

Tysdag 17. september
Seglvinden hadde vore god heile natta, så vi nærma oss Lerwick raskare enn forventa. Vaktlaga måtte derfor bruke morgentimane til å klatre opp i mastene og ut på rærene for å pakke ned segla. Etterpå var det alle mann til brasane for å trimme riggen slik at den var presentabel for Lerwick hamn. Ein liten tur i byen før middag og val av elevrådsleiar. Så litt meir tid i byen før folkedans, song og ringleikar på dekk kl ni. Vi tar natta i hamna og seglar ut kl 8 i morgon tidleg.
Tore

Måndag 16. september

Vi starta dagen med å gå ut i Nordsjøen ved Bømlo. Sidan vi gjekk innaskjers var det ingen som vart sjøsjuke i løpet av natta. Då vi kom utaskjers byrja vi å heise segla, og det tok ikkje lang tid før vi kunne slå av motoren. Etter kvart vart nokre av oss sjøsjuke men det betra seg for dei fleste utover dagen. Vi hadde oppe både storseil, stump, mers og bramseil for å få full utbytte av sørvesten. Før natta rigga vi ned nokre segl slik at vi kunne ta høgde for ei nattleg vindauke. Etter at det hadde vore mørkt nokre timar kom månen fram og konkurrerte med stjernene om merksemda frå oss på dekk. Det heile toppa deg med regnboge frå måneskinnet mot nord. Det gynga godt i hengekøyene om natta, men dei fleste sov godt likevel.

 

Søndag 15. september
Vi kom om bord kl 17. Vi vart samde med kapteinen og besetninga om å segle innaskjers til Bømlo for å unngå den verste vinden og dei største bølgene. I morgon skal det løye litt, og då går vi ut i Nordsjøen med fin vind frå sida som skal hjelpe oss fram mot Shetland. Vi øvde på dei fleste rutinane i kveld, og i morgon startar vi med riggtrening slik at elevane sjølv skal bli i stand til å sette segl. Vindstyrken avgjer kor mange segl vi sett. Dette ser bra ut og stemninga er god. Ingen sjøsjuke første kvelden. Vi mister truleg dekninga i morgon føremiddag, og de må nok vente til tysdag/onsdag før vi er på nett igjen. Ha ei god veke på fastlandet.
Mvh Tore Humstad

 

Kart
Du kan følge posisjonen til seglskuta på kartutsnittet nedanfor. Lehkkuhl kjem frå Shetland før vi går ombord i Bergen søndag kveld. På tysdag eller onsdag er skuta tilbake i Lerwick, denne gongen med 133 norfjordseglarar ombord. Vi kjem tilbake til Bergen fredag 20. september kl 12.  

 

Kjelde: Følg kapteinens Facebook-oppdateringar her

Les meir om Nordfjord folkehøgskule sine tokt med Statsraad Lehmkuhl her!

 

 

RELATERT INNHALD