LUKK
Heim / Om skulen / Alumni (tidligare elevar) / Fjorårstreff 4.-7. ferbruar 2016


Fjorårstreff 4.-7. ferbruar 2016

Kvart år arrangerer skulen treff for fjorårselevane. Her får du høve til triveleg gjensyn med medelevar og helse på dei fleste av lærarane du hadde i fjor.




Publisert 18.2.2013 - Oppdatert 16.10.2015

Treffet startar med kveldsmat torsdag kveld og blir avslutta med lunsj påfølgande søndag. Ein av dagane i mellom er det topptur på eit kjent og kjært fjell i nærområdet til skulen, og den andre dagen arrangerer vi fjelltelemarkrennet ”Fjellbygda Open”. I tillegg har vi ein open friluftskveld der vi inviterer kjente personar til å halde foredrag for både årselevar, fjorårselevar, personalet og andre interesserte i bygda.

Dei siste åra har vi hatt besøk av desse på friluftskvelden: 

  • 2010: Stein P. Aasheim
  • 2011: Arne Nævra
  • 2013: Rune Gjeldnes
  • 2014: Sigrid Henjum
  • 2015: Aleksander Gamme
  • 2016: Elise og Andreas Skagøy

Neste fjorårstreff blir 4.-7. februar 2016. Dei fleste arrangementa denne helga vil vere felles for årselevar (15/16) og fjorårselevar (14/15).

  

Bilde: Elise og Andreas Skagøy kjem for å halde foredrag laurdagen under fjorårstreffet i 2016

Meir informasjon om pris og påmelding kjem seinare. 

 

Nokre av dei over 122 deltakarane på tur til Berdalsegga under fjoråstreffet i februar 2013

Foredrag med polfarar Rune Gjeldnes i Kultursalen på Sandane under fjorårstreffet i 2013.

RELATERT INNHALD