LUKK
Heim / Opplevingar / Truls på folkehøgskulebesøk


Truls på folkehøgskulebesøk

I tredje episode av Oppdrag Norge på TV2 tok Truls Svendsen inn på Gloppen hotell. Her fekk han i oppdrag frå Harald Rønneberg å prøve seg på elvekajakk. Lærarane Ingeborg og Aina ved Nordfjord folkehøgskule stod klare i Våtedalen for å gje sine instrukjsonar til ein lærevillig elev.




Programmet som vart sendt på TV2 tysdag 20. oktober 2015 viser ein svært lærevillig elev som tok den eine utfordringa etter den andre på strak arm. Truls lot seg ikkje stoppe verken av velting i det kalde brevatnet, dropp frå klippe eller padling i stryk. TV2 har lagt ut eit lite klipp frå droppinga her (ekstern lenke). 

Her er heile programmet (ekstern lenke) lagt ut på betalingsløysinga til TV2 Sumo. Innslaget frå Våtedalen finn du mellom 10:22 og 17:53.  

  

Foto: Lærarane Aina Minde Lemming og Ingeborg Benestad Aunevik i samtale med Truls Svendsen (skjermdump fra TV2 Sumo)

 

Et bilde publisert av Truls Svendsen (@trulssv)

 
 

Et bilde publisert av TV 2 Sumo (@tv2sumo)

 
 

Et bilde publisert av TV 2 Norge (@tv2offisiell)

RELATERT INNHALD