LUKK
Heim / Opplevingar / Statsraaden på Gloppefjorden


Statsraaden på Gloppefjorden

Sist måndag hadde vi seglskipet Statsraad Lehmkuhl på besøk på Gloppefjorden. Skipet kom til bygda i samband med skulen sitt årlege tokt til Shetland. Vi nytta høvet til å filme litt då Statsraaden segla ut fjorden. Denne gongen frå lufta.




Filmsnutten er laga av Mustasj filmproduksjon. Dette er ei nyoppstarta mediebedrift med to av våre tidlegare elevar blant dei tre gründerane. Matias og Jostein laga mange av filmsnuttane som ligg på nettsida vår mens dei var elevar hos oss.

Under opptaka på Gloppefjorden vart det brukt eit fjernstyrt kvadrokopter (som er ein type UAV eller drone). Filmklippa skal inngå i ein noko lengre film som kjem seinare i haust. 

Filmsnutten fokuserer på ombordstiginga utanfor Sandane og starten av turen her i Gloppen. Så spel og del! Og følg med på fleire filmar som kjem utover i hausten.

Les meir om toktet her

RELATERT INNHALD