LUKK
Heim / Fag / Fellesundervisning


Fellesundervisning







Fellesturar og fellesfag er ein viktig del av undervisninga. Vi er opptekne av at alle elevar, uansett linje, skal tileigne seg viktige basiskunnskapar innan friluftsliv. I løpet av året reiser heile skulen saman på pilegrimsvandring, vi skal ha skikurs i Hemsedal, førstehjelpskurs, og alle reiser på skuletur med Statsraad Lehmkuhl. I tillegg har vi førstehjelpskurs, skredkurs, seminar om kle og utstyr, og dessutan ulike kurs i friluftsaktivitetar som bygging av bolig i snø, klatring og padling. 

Alle får prøve seg på ei åleinenatt, og i tillegg blir det felles toppturar både haust, vinter og vår. På skulen har vi felles allmøte, internatmøter, tematimar, kristendom og seminar med spennande gjester. Kvar laurdag er det elevkveld, der elevane bytter på å lage program for kvarandre. 

Alt i alt kan ein seie at sjølv om du kjem til å bruke mest tid med linja di, så kjem du også til å få godt høve til å bli kjent med dei andre elevane også. Våre tilbod på tvers av linjer er eit av Nordfjord sine gode varemerker! 

RELATERT INNHALD