LUKK
Heim / Familiedag


Familiedag

Velkomen til familiedag 17. november! Her finn du informasjon og link til påmelding.




Laurdag 17. november er det familiedag på Nordfjord folkehøgskule - eit stort høgdepunkt for både elevane og familiane! Vi håpar riktig mange har høve til å kome. Her får du praktiske opplysningar og program for dagen. Og nedst på sida finn du påmeldingsskjema.

Vi gledar oss til ein flott dag, og ønskjer alle hjarteleg velkomne! Her finn de program for dagen – slik det ser ut per no. Det kan kome litt små endringar, men dei store linjene ligg fast.

10:00    Velkomen til familiedag! 

Samling i gymsalen for alle foreldre/føresette – ord for dagen og litt informasjon.

10:30    Aktivitetar

Alle som vil, både elevar, foreldre og søsken, kan delta på ulike aktivitetar. Hugs å ta med gode utekle. I denne økta er det sjølvsagt også høve til å berre vere ilag med eleven din, ta ein tur på kafé eller berre vere på rommet. 

13:00    Felles  lunsj for alle ute. Ta med kopp.

14:00    Open skule. Gå deg ein runde på skulen saman med eleven din, eller saman med nokon av oss i personalet. Vi vil gjerne vise dei mange fine romma, utstyret og aktivitetane. Det blir mellom anna glimt frå nokre av turane i haust.

16:00    Middag – fleximåltid fram til kl 17.30. Vi blir veldig mange som skal ete, men i løpet av 1,5 time reknar vi med at alle skal få høve til å ete eit godt måltid mat.

18:00    Linjetreff for foreldre/føresette (ikkje elevane). Møt linjelæraren, høyr om kva linja har gjort så lang og kva som er planane framover. Høve til å stille spørsmål.

19:30    Revy! Vi avsluttar familiedagen 2018 med årets revy, av og med elevane. 

Alle som kjem må melde seg på innan torsdag 8. november. Påmeldingsskjema finn du her: Påmelding til familiedag

Vi vil gjerne at alle betalar på førehand, familiedagen kostar 350 kr per person. Halv pris for barn/yngre søsken. De reknar sjølv saman kor mykje de skal betale, og set pengane inn på konto  3000.15.28560. Merk betalinga med ”Familiedag + eleven sitt namn”.

Igjen: Velkomne til oss!

 

SAKER FRÅ ARKIVET