LUKK
Heim / Familiedag


Familiedag

Viktig melding til alle familiane til elevane våre: Det er familiedag laurdag 23. november. I tilfelle de ikkje har fått invitasjonen før, så les her og meld dykk på!




 

Kjære alle familiar!

Takk for sist til dei av dykk som var på opningsfesten! Veldig flott at så mange hadde høve til å vere her saman med oss den dagen.

Så langt har vi hatt ein kjekk og hektisk haust. Det har vore mykje farting og mange flotte opplevingar – både linjevis og i flokk. Lufta har vore uvanleg varm og fin med mykje sol og opplevingane har stått i kø! Du kan sjå bilete og lese om kva som skjer på skulen si heimeside: www.friluftslivskulen.no No ynskjer vi at familien skal få sjå litt meir av korleis vi har det i lag. Difor inviterer vi dykk til familiedag på skulen laurdag 23. november. På denne dagen får de høve til å bli litt betre kjende med skulen og med kvardagen til elevane.

Vi ynskjer velkomen kl 10.00. Vi startar med litt informasjon på skulen, og deretter tek vi turen opp i gapahuken vår. Alle som vil vere med opp i gapahuken må ha på seg høvelege tur-klé når de møter opp klokka 10. Gapahuken ligg i fin gangavstand frå skulen, og der oppe skal vi mellom anna lage vår eigen bållunsj. Hugs gode utekle, sitteunderlag, kopp, tallerken og bestikk. (Avtal eventuelt med eleven din om å få låne).

Klokka 14.00 er det klasseforeldremøte/linjesamling m/kaffi. Der får de møte læraren på linja, høyre meir om kva elevane har vore med på og skal vere med på, og det er gode høve til å stille spørsmål.

Kl. 15.30 inviterer vi alle til elevane sin revy.

Klokka 18 er det festmiddag, og utover kvelden blir det diverse program. Dagen vert avslutta med kveldskaffi ca kl 21.00.

NB! Tidene/programmet kan bli litt justert.

Grunna mange elevar har vi fullt hus og lite plass til gjesteovernatting skulen. Vi håpar de finn stader å overnatte!

Vi foreslår:

Gloppen hotell (Sandane, 6 km frå skulen) tlf.57 86 53 33

Gloppen Camping (Sandane, 7 km frå skulen) tlf.57 86 62 14

I tillegg finst det fleire gode alternativ i Loen, Innvik, Skei, Byrkjelo og Nordfjordeid.

Erfaring tilseier at dagen går ganske i eitt. Så om nokon treng ein kjapp dusj og klesskift før revyen og festmiddagen kan de låne badet til dykkar håpefulle i staden for å reise til hotell/campingplass då.

Vi håpar de har høve til å kome til Nordfjord denne dagen. Svar så snart som mogleg!!! Påmeldingsfristen har eigentleg gått ut. Det er viktig at de melder dykk på slik at vi kan planleggje best mogeleg. Vi ynskjer elektronisk påmelding via skjemaet de finn ved hjelp av denne linken: Påmelding

Om de ikkje har høve til å bruke skjemaet kan de sende epost med påmelding til kontor@friluftslivskulen.no eller ringe tlf 57 86 80 40.

Pris og betaling: Kvar person betalar kr 350,- for foreldredagen. Dette inkluderer lunsj i gapahuken, linjesamling, revy, middag og festkveld. Om de treng ekstra måltid utover dette kostar det 50 kroner per person per måltid. Eventuelle yngre søsken som er med, betalar halv pris. Vi ynskjer helst at de betalar på førehand: De reknar sjølve ut kor mykje de skal betale og set beløpet inn på konto 3710.05.00117. Merk innbetalinga med "familiedag + eleven dykkar sitt namn"

Hjarteleg velkomne til Nordfjord folkehøgskule! Vi gledar oss! Beste helsing alle i personalet.

RELATERT INNHALD