LUKK
Heim / Fag / Linjefag / Bu og fritid / Meir informasjon om linja


Meir informasjon om linja

Som elev på Friluftsliv/Bu og fritid vil du få eit variert og lærerikt år. Dersom du treng litt ekstra trening før du flyttar i eigen bustad, kan dette vere linja for deg.




Vi har fokus på sosialt fellesskap og meistring av dei mange utfordringane som du møter i kvardagen.

Dette er eit tilbod for ungdom med ulike type utviklingsshemming/lærevanskar. Undervisninga på linja tek utgangspunkt i dine evner og føresetnader.

I samarbeid med heimen og hjelpeapparatet i heimkommunen din utarbeider vi ein individuell opplæringsplan for deg. Du får trening for eit mest mogleg sjølvstendig liv i eigen bustad gjennom opplæring i aktivitetar i dagleglivet.

Ein viktig del av undervisningstilbodet er arbeidstrening og sjølvutvikling. Elevane på Bu og fritid får delta på mange turar saman med dei som går på friluftslivlinjene.
 

Inkluderande fellesskap
Deltaking i det sosiale livet på folkehøgskulen er også ein viktig del av tilbodet. På internatet bur omlag 130 elevar, og her kan du delta i ulike aktivitetar og oppleve sosialt fellesskap.

På skulen bur også åtte stipendiatar/elevar som går 2. året på linja vegleiing. Desse blir dine "støttekontaktar". På kveldstid og i helgane vil dei legge til rette for aktivitetar og sosialt samvær.
 

Organisering
Linja har plass til seks elevar. Innhaldet i undervisninga vil variere noko frå år til år ut i frå gruppesamansetjing og individuelle føresetnader og målsetjingar.

Undervisninga blir organisert i einetimar og linjetimar. Nokre valfag og fellesfag har du saman med elevar frå dei andre linjene.

Tilbodet vårt krev ekstra økomiske ressursar frå NAV Forvalting eller fylkeskommunen.

Her finn du informasjon om: Søknadsprosess og kriterium
Last ned funksjonskartleggingsskjema for søkar (i filformat: pdf eller word):  kartleggingsskjema.pdf  /  kartleggingsskjema.docx

IMGP27961

610

RELATERT INNHALD