LUKK
Heim / Fag / Linjefag / Bu og fritid / Søknadsprosess og kriterium


Søknadsprosess og kriterium

Kriterium som vi brukar ved opptak av elevar til linja Bu og fritid




 

  1. Eleven må vere mest mogleg sjølvhjelpen i høve til daglege gjeremål.
  2. Vi vil prioritere at elevar som ønskjer det, får gå to år.
  3. Vi ønskjer å sette saman ei linje slik at kvar enkelt elev kan passe inn i gruppa.
  4. Vi vil prioritere ungdomar over 18 år som er på veg ut i eigen bustad.
  5. Linja har ein fast turdag i veka og eleven må kunne ferdast i ulendt terreng.
  6. Nordfjord folkehøgskule er ein friluftslivskule og vi har i løpet av skuleåret fleire felles friluftslivopplegg med overnatting. Det er viktig at vi har elevar på Bu og fritid som kan integrerast på desse fellesprosjekta saman med alle friluftslivelevane.

I vurderingane ved opptak må vi også ta omsyn til at vi berre har ei sovande nattevakt, og at vi ikkje har helsepersonell på internatet.

Tilbodet vårt krev at eleven får ekstra økonomiske ressursar frå NAV eller fylkeskommunen, og derfor startar vi opptaksprosessen så tidlig som i november. Før vi startar prosessen med resurssøknad og endeleg opptak, ynskjer vi å få besøk av eleven.

 

Søknadsprosess

  1. Fyll ut søknadsskjema som du finn link til her på vår heimeside, og send informasjon om utfordringane for eleven, utviklingshemming, hjelpebehov og anna relevant informasjon.
  2. Vi tar kontakt dersom vi har spørsmål eller behov for meir utfyllande informasjon.
  3. I løpet av november vel vi ut nokre av søkarane (ut i frå kriterium som står ovanfor) som vi jobbar vidare med. Dei aktuelle elevane vert kontakta for å kome på besøk saman med fagperson og føresette. Det kan vere ein eller fleire  frå PPT, skulen (lærar eller assistent), koordinator og foreldre/føresatte.
  4. For dei elevane som blir tatt opp på linja sender vi ressurssøknad til NAV eller fylkeskommune.
  5. Opptaket av elevar held fram utover våren til vi har fylt opp dei seks plassane på linja.

RELATERT INNHALD