LUKK
Heim / Om skulen / Alumni (tidligare elevar) / Elevstemne på sommarstid


Elevstemne på sommarstid

Nordfjord folkehøgskule har lang tradisjon med å legge til rette for at tidlegare elevar kan komme tilbake og treffe kvarandre på skulen i løpet av sommaren.




Er du ein av dei 7 000 som har gått på Nordfjord folkehøgskule? Har du lyst til å møte att dei du delte skule og opplevingar med?

Det har vorte ein lang tradisjon å arrangere elevstemne sommarstid. Og vi har sett at dei årskulla som sjølv er engasjerte, sporar opp adresser og telefonnummer og tek initiativ til arrangementet får best oppslutning. Frå 2013 arrangerer vi ikkje faste 5- 10- 25- eller 40-årsjubileum. I staden stiller vi skulen til disposisjon eit par-tre helgar på sommaren, der dei kulla som sjølv vil, kan arrangere treff. Vi stiller med hus og mat, og så kan tidlegare elevar organisere program og møtest til 10-årsjubileum eller kanskje 19-årsjubileum eller 37-årsjubileum?

Vi kjem framleis til å invitere 50- og 60- årsjubilantane per brev til eit ferdig stemne med program (begrensa til dei vi finn adressene til), men andre kull blir med dette oppfordra til å arrangere eigne stemne – anten denne sommaren eller ein annan sommar. 

Jubilantane organiserer sjølv påmelding og program. Kulla må difor sjølv utfordre ein eller fleire kontaktpersonar som tar initiativet til ei samling. Kontaktpersonen sender då namneliste over deltakarane til skulen. Den enkelte deltakar kontaktar sjølv skulen for å bestille det nødvendige tal på overnatting og dagpakkar for seg (akkurat som du ville gjort det på ein konferane på eit hotell).  Vi vil vere til stades å yte så god sørvis vi kan for å lage gode rammer for arrangementet dykkar, men dersom de ynskjer litt ekstra; at vi f. eks. stiller som instruktørar i samarabeidsløype, kajakk, segling, eller noko anna, må vi få ei bestilling på dette i god tid på førehand. Vi stiller vi meir enn gjerne opp! 

Tidspunkt og kostnader

For sommaren 2017 har vi sett av desse helgene:

  • 9. -  11. juni (her blir det treff for 50 og 60 års jubilantar) 
  • 16. - 18. juni

Normalt vil det vere plass til fleire kull den samme helga. Ta kontakt dersom ingen av desse helgene passar, då kan vi hjelpe til med å finne eit anna tidspunkt.  

For 50- og 60-årsjubilantane vil vi oppgi eig eigen stemnepris i invitasjonen som kjem i posten.  

Andre kull betaler ut frå kva tilbod ein ønskjer å nytte seg av på skulen, dvs. overnatting, mat, evt.aktivitetar og utstyr. Ta kontakt for å få eit prisforslag! 

 

Det er stor stas kvar gong eit jubileumskull kjem tilbake til skulen for å hente fram gamle minne. Vi håpar på riktig godt oppmøte også denne sommaren. Ikkje nøl med å ta kontakt ved eventuelle spørsmål.

 

 

RELATERT INNHALD