LUKK
Heim / Fag / Linjefag / Bu og fritid

Linjefag: Bu og fritidPå eigne bein

Nye vener. Nye aktivitetar. Nye erfaringar. Som elev på Friluftsliv/Bu og fritid er du ein del av eit inkluderande fellesskap. Når du er på skulen og når du er på tur, har du mange ungdomar å dele opplevinga med.Du får lære å vere på tur, å kle deg til tur og å vere mykje ute. I tillegg til friluftsliv, vil du lære at her som andre stader, er det lurt å vere på rett plass til rett tid. Du får ansvar for å halde rommet ditt reint, ryddig og koseleg. Du vil fort erfare at skitne klede ikkje blir reine av seg sjølv. Du har fri frå undervisning på ettermiddag, men kan fylle tida med aktivitetar som du allereie er glad i, eller du kan prøve noko nytt. Dei tilsette på folkehøgskulen vil passe på at du får den hjelpa du treng. Når du er på skulen og når du er på tur, har du mange ungdomar å dele opplevinga med.

Dette året vil bety mykje for deg. Og for alle oss andre som blir kjende med deg. 

Målsetting på linja Bu og fritid: Løyse band, knyte band



Bu og fritid innhald

Friluftsliv
- tilpassa turar i nærmiljøet for linja
- overnattingsturar
- kystveke saman med ei av friluftslivlinjene
- fellesturar for heile skulen
- turdagar med mat på bål

Fysisk aktivitet
- aktivitetar i gymsal
- spaserturar
- riding
- symjing
- klatring
- balanse, styrke og koordinasjon

Sosial trening
- gjennom deltaking i felles måltid, elevkveldar , miljøaktivitetar, fellesundervisning og bufellesskap

Romvask
- rydde, støvsuge og vaske eige rom

Klevask
- sortere, vaske og tørke klede
- opplæring i bruk av vaskemaskin
- orden i klesskap

Personleg hygiene

Matlaging
- lage enkle middagar
- baking

Arbeidstrening
- ulike oppgåver innan trearbeid: Utforming, boring, skruing, pussing, lakking og maling
- lage enkle møblar og utstyr til eigen bustad: Dørskilt, skjærefjøler, kjøkenreiskap i tre, hyller, TV-bord, skohyller, ulike typar fat

 

Andre fag:

Økonomi
- innkjøp av varer til matlaging
- innkjøp/handling
Norsk
- lage minnebok med tekst og bilde av opplevingar frå skuleåret
Musikk
Teikning/maling
 

Her finn du linkar til meir informasjon:

Søknadsprosess og kriterium

Meir informasjon om linja

Lærarar og miljøarbeidarar

Med vinden i ryggen - sommarleir for ungdom med utviklingshemming

 

Bu-og-fritid-klassebilde-13-14

 

 

 


BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Bu og fritid