LUKK
Heim / Elevkveld - Bu og fritid


Elevkveld - Bu og fritid

Laurdag 14. januar var det Bu og fritid sin tur til å arrangere elevkveld. Sjølv om to av seks elevar på linja var sjuke, så klarte dei fire friske å skape svært god stemning. Det vart ein superkjekk elevkveld!




  • Lotepus starta kvelden med å fyre av ei kraftig dynamittsalve :-)

    Fotograf: Odd Harald Halse

  • Opningssang

    Fotograf: Odd Harald Halse

  • Elise og Didrik ynskjer alle velkomne til Bu og fritid sin elevkveld, og dei fortel litt om kva programinnslag som kjem i løpet av kvelden.

    Fotograf: Odd Harald Halse

  • Dramatisering av eventyret om Peter og ulven.

    Fotograf: Ragnhild Hjelle

  • Peter har ropt ULV-ULV, men får streng beskjed frå ein av landsbyfolka om at dette ikkje er noko å spøke med.

    Fotograf: Ragnhild Hjelle

  • Alle skodespelarane mottar applaus.

    Fotograf: Ragnhild Hjelle

  • The Jackson Five hadde eit flott danseshow.

    Fotograf: Odd Harald Halse

  • Elevane hadde pynta seg til karnevall, og dei vart med på allsong.

    Fotograf: Odd Harald Halse

  • Didrik var quizmaster! Tema, del 1: Harry Potter og del 2: Elevar og personalet på Bu og fritid. Og Magny delte ut twist til den som hadde rett svar :-)

    Fotograf: Odd Harald Halse

  • Alle linjene fekk stille med to elevar til stolleiken. Bilde 1 av 4

    Fotograf: Odd Harald Halse

  • Stolleiken, bilde 2 av 4

    Fotograf: Odd Harald Halse

  • Jan er lynrask og er med heilt til finalen... Bilde 3 av 4

    Fotograf: Odd Harald Halse

  • Jan må til slutt sjå seg slått, og Erlend jublar for seier i stolleiken!

    Fotograf: Odd Harald Halse

  • Espen, Jan, Elise og Didrik mottar stor applaus for elevkvelden.

    Fotograf: Odd Harald Halse

  • Etter programinnslaga var det limbo, hamburger i matsalen og til slutt meir dans i gymsalen :-)

    Fotograf: Odd Harald Halse


RELATERT INNHALD