LUKK
Heim / Fag / Linjefag / Vegleiing / Arbeidsoppgåver og økonomi, informasjon om søknad


Arbeidsoppgåver og økonomi, informasjon om søknad


Informasjon til dei som vil søkje på linja Friluftsliv/Vegleiing (stipendiat) 2017/2018.

 

Undervisning:

- leiingsteori og turleiarrolla
- friluftslivpedagogikk og vegleiarlære
- gruppeprosessar
- spesialpedagogikk
- friluftslivet sin eigenart, friluftsliv – kultur og samfunn
- valfag og seminar
- praksis som vegleiar på linjeturar og fellesturar


Arbeidsoppgåver:

- assistent og støttekontakt for elevar på Bu og fritid
- miljøarbeid


Kurs:

Det vert organisert eigne kurs for stipendiatgruppa. Kurs: bre/klatring, skred og skiinstruktør


Økonomi:

- stipend frå Statens Lånekasse
- fri kost og losji og dekka kostnadene på dei fleste turar og fellesopplegg
- dekt kurs: bre/klatring, skred og skiinstruktør
- lommepengar kr 2.850,- pr mnd, i 9 mnd


Du må betale for:

- heiskort
- valfag og prosjektveker
- linjeturar til utlandet

Du får prisreduksjon på turar til utlandet, dersom du har konkrete oppgåver på turen.


Turnus:

Arbeidet på Bu og fritid blir organisert i turnus. I løpet av ein månad har du to turnusperiodar som assistent/hjelpar på denne linja (den eine turnusen  går frå måndag til fredag og den andre turnusen er på laurdag og søndag).


Søknad:

* I søknaden vil vi at du skal skrive noko om kvifor du vil vere stipendiat og kva du ynskjer å få jobbe mest med. Skriv også om du har arbeidserfaring, om du har vore aktivt med i barne- og ungdomsarbeid eller liknande.
* Vi vil og vite kva du tenker om linjene. Skriv kva linjer som kan vere aktuelle for deg, og kva linje som er ditt førsteval.
* Det er eit ynskje om at stipendiaten kan gå aktivt inn i det kristne arbeidet ved skulen.
* Du må ha førarkort for bil.
* Er det noko du lurer på, kan du få meir informasjon ved å ta kontakt med rektor eller inspektør.
* Du søkjer elektronisk og brukar det vanlege søknadsskjema som du finn på heimesida vår.

Søknadsfrist: 27. februar 2017