LUKK
Heim / Om skulen / Nordfjord folkehøgskule 90 år


Nordfjord folkehøgskule 90 år

Nordfjord folkehøgskule markerer at det snart er nitti år sidan vi tok i mot det aller første elevkullet ein haustdag i 1923.



Publisert 10.9.2013 (oppdatert 26.9.2013)

Den aller første opningsfesten vart halde i det nyinvigde hovudbygget Ljosborg 27. oktober 1923. Før det hadde planlegginga pågått i fire år, og beslutninga om å reise skulen vart tatt på eit møte på Gloppen hotell 24. april 1923. På opningsfesten møtte meir enn 1000 menneske opp for å sjå dei 68 første elevane sette i gang med skuleåret sitt.    

Vi kjem til å markere nittiårsjubileet med fleire arrangement gjennom året. Slik ser lista ut pr. 10. september 2013:

26. oktober 2013:  Nittårsfest på Norfjord folkehøgskule frå kl 18:00

Kl 18:00: Open skule med utstillingar og omvisning (gratis inngang)

  • Omvisning kl 18:15, 18:30 og 18:45
  • Museumsgjenstander og gamle bilde
  • Opning av nytt turkjøkken og bibliotek 
  • Kafe

Kl 19:23: Mimrekveld for gammal og ny historie (alle velkomne, gratis inngang)

  • Rekonstrukjsopnar og tilbakeblikk
  • Skulen si tidlege historie v/ Oddvar Almenning
  • Historia til Friluftslivskulen v/ Hallgeir Hansen
  • Skulen i dag v/Tore Humstad
  • Sang, musikk og festlege innslag
  • Kollekt til skulen sitt arbeid. Fatsgjevarteneste. 
  • Ord for kvelden

 

27. oktober 2013:  Gudsteneste i Vereide kyrkje kl 11:00

  • Song i kyrkja frå kl 10:30
  • Markering av jubileet og haustmøtet til Normisjon
  • Preike ved påtroppande rektor Hildegunn Gjesdal Tennebø
  • Kyrkjekaffi og utstilling på skulen etter gudstenesta 

 

9. november 2013: Kyrkedag for Nordfjord (i samarbeid med Nordfjord prosti)

  • Foredrag med universitetslektor/prosjektleiar Vegard Holm i "Ungdom, kultur og tro" (MF/NKF)
  • Gudsteneste i Vereide kyrkje
  • Seminar
  • Sjå meir informasjon på friluftslivskulen.no/kyrkjedag
  • Tips: Helga kan gjerne kombinerast med konsert med Salmeklang i Vereide kyrkje 8. november kl 20:00

 

8. februar 2014: Friluftsdag i Gloppen 2014

  • Fjellbygda Open
  • Friluftskveld med Aleksander Gamme i Kultursalen, Trivselshagen, kl 19:23 (dørene opnar kl 19)

Denne sida vil bli oppdatert med fleire detaljar.

Bildet viser at grunnarbeidet for Smiebygget er i gang i 1938. Hovudbygget (t.h) har stått i 15 år allereie (foto: Olav Kaale)

Nordfjord folkehøgskule har drive allmenndanning og folkeopplysning i 90 år og friluftslivundervisning i 35 år. Sidan 2000 har skulen profilert seg Friluftslivskulen - mellom bre, fjell og fjord. 

 

Følg nittiårsfeiringa på Instagram!

#nordfjord90

Instagram

BILDESERIAR, TURRAPPORTAR OG ANNA FRÅ Friluftslivskulen