LUKK
Heim / Spenningskurs på Bjorli


Spenningskurs på Bjorli

I veke 15 reiste vi til Bjorli for å delta på spenningskurset 2018. Kurset varte frå måndag til fredag.




1911

Vi skulle velje ein hovudaktivitet for veka, og så fekk vi prøve mange andre ting også. Didrik og Bjørnar valde langrenn, mens Mathias og Elise valde slalåm. Dei andre aktivitetane ein kunne få prøve var sitski, rattkjelke, hundekøyring, snørafting og zipline. Vi prøvde alt! Til og med Lisbeth og Kristina som var med oss på turen, fekk vi lurt oppi båten til snøraftinga. Vi trur dei syns det var litt skummelt, men vi likte det kjempegodt!

395

532

393

Vi hadde kvar vår instruktør som var ilag med oss på hovudaktiviteten vår. Dei var veldig flinke og kjekke. Elise blei skikkelig tøff og god på slalåm, og utfordra seg masse på stor fart ned igjennom barnetrekket. Mathias blei veldig god på å veksle mellom å svinge og ploge i storetrekket, og utfordra seg på å køyre litt i laussnø også. Bjørnar og Didrik gikk lange turar på ski, og kosa seg med jentene som var med som instruktørar.

815

På torsdag var det Bjorli open, der alle kunne konkurrere i det ein hadde lyst til. Didrik, Elise og Bjørnar gikk langrenn lang løype, og der fekk vi sjå kor fort gutane hadde øvd seg på å gå denne veka, for Bjørnar gikk superfort i mål, så lue og vottar flagra! I slalåm konkurransen var det Elise og Mathias som susa igjennom løypa, som var ganske bratt! Elise rann saman med sin instruktør og kom i mål med eit stort smil! Mathias susa igjennom løypa åleine i fin stil, og var raskt i mål!

279

2510

297

288

914

Etterpå var det nokon av dei andre deltakarane som konkurrerte med sitski igjennom slalåmløypa, og til slutt blei alle gutane på bu og fritid med på rattkjelke konkurransen, mens Elise heia det ho greidde på dei tøffe gutane! Alle kveldane var alle deltakarane og instruktørane samla, til underholdning og dans. Alle på bu og fritid deltok både i underholdninga og på dansegolvet etterpå. Vi trefte  Himmeljegerne (http://www.himmeljegerne.no ), som kom på besøk ein dagen for å ha foredrag for oss. Dei var kjempeflinke! Dei blei med å dansa på kvelden også. Den siste kvelden var det ekstra god mat, og ekstra lang tid med dans. Og på slutten av kvelden hadde dei til og med fyrverkeri, fordi spenningskurset feira 25 år! Det var fine rakettar! Det blei ei veldig kjekke veke, og vi hadde ein superfin tur!  

306

Helsing Didrik, Elise, Mathias og Bjørnar.

 

RELATERT INNHALD